onsdag 22. mai 2013

Løvstakken Opp og sykkeltur til Gullaksdalen

Det er enorme mengder mat som skal til når fire skal på tur og vi skal spise to brødmåltider medan vi er vekke. Det er laurdag 18.mai og vi skal delta på motbakkeløpet Løvstakken Opp.
Kjeks, rosiner, sjokolade og ein boks med grønsaker er også eit must!

I fin flyt opp "skillingsbollen" i sol, 27 varmegrader og KNALLGULE deltakarskjorter!
Det er motivasjon å sjå toppen. Da vi kom oppover begynte også de første konkuransedeltakarane å komme, så heiagjengen jobba på maks - noko vi tok til oss og flaug opp bakkane vi også!
Fantastisk utsikt og fønvind på toppen av Løvstakken, 477 moh.
Etter mat og ei god pause på toppen begynte nedturen - med fabelaktig utsikt! Vel nede fikk vi bollar (det var drivkrafta for å få storebror til å finne fram alle kreftene sine) også var det rett heim for å avkjøle oss med is!
 1.pinsedag satte vi setene bakpå voksensyklane og sykla til Gullaksdalen. Her hadde vi eit lite hjørne heilt for oss sjølve; det er fordelen med å vere tidleg ute! Lillesøster kasta konglar i vatnet.
Storebror storkosa seg med å klatre på steinane.
Ikkje lenge etter vi hadde komt fram tok vi av oss sko og sokkar for å klatre på steinane og vasse. Her åt vi lunch, vassa enda meir - også sykla vi heim igjen. Vi føler oss så heldige som har så mange naturperler i umiddelbar nærleik!

I dag er det opning av Festspillene i Bergen! No er det vår! (og snart ferdig med bjørkepollen!!)

tirsdag 21. mai 2013

Blomstring

På rekkordtid har gras, ripsbusker og trær blitt fulle av klorofyll (rett??) - det er grønt overalt! Storebror har plukka masse buketter, her er den første kvitveisen han kom inn med - plassert i ein liten kaffekopp frå New York. Lillesøster skjønnar konseptet med plukking, men kjem heller inn med hendene fulle av mose og konglar.
Vi har hatt ein fantastisk forsmak på sommarferien - og gler oss enormt til enda fleire fridagar! På laurdag var vi med på motbakkeløpet Løvstakken Opp i rekordvarme. På søndag satte vi barnesetene på syklane og sykla inn i skogen like ved oss og til eit vatn der vi vassa, kasta konglar og spiste lunch. I går var vi på veg til Damsgårdsfjellet da bjørkepollenallergien min satte ein stoppar for det. Etter å ha utfordra luftvegane i ekstrem pollenspreiing i fleire dagar tettna det seg godt til og eg måtte tilbringe dagen innandørs medan mann og barn reiste på stranda og vassa i timesvis. Kjipt - men det går snart over (håpar eg!).

Sove-problematikken er omsider løyst ved å ta femti steg tilbake. No legger vi oss saman med lillesøster i senga, ho piller seg litt i nasa, og etter eit minutt sover ho. Så mykje enklare enn å ta ho tilbake på rommet i ein time. Det har ikkje virka på nattevoken og dobesøk enda, men i alle fall enklare kveldar.

No krysser vi fingrane for regnvær av ei av ei anna verd slik at eg får puste skikkelig!

fredag 17. mai 2013

17.maifeiring

Perla serviettringar.
Hurra for 17.mai!! Også ei hugseliste til neste år - kjøp stæsj med mindre lyd, og tre nye flagg!
Til tross for gode værmeldingar vart det regn i toget, men varmt og godt så det var nesten så det ikkje gjorde noko.
Før vi gjekk i det lokale toget vårt her i bydelen hadde vi middag med gode venner. Rømmegraut og Red Velvet Cupcakes til dessert.
Likevel var det plass til både snopepose og is etter toget. Og enda ein is og popcorn når vi kom heim igjen.
Lillesøster var flott i bunad - og det var storebror også. Hipp, hipp hurra!! I morgon skal vi på fjellet og svette av oss rømmegrauten (og desserten)!

torsdag 16. mai 2013

Klemmeutveksling

Det pågår kontinuerleg klemmeutveksling i barnehagen. Lillesøster har klemmedilla, og har klemmer og strikk i håret kvar dag. Strikket sitter i heile dagen, men av ein eller anna grunn kjem ho ofte heim med andre klemmer enn de ho hadde på seg da ho vart levert.
Av desse har vi kjøpt prinsesseklemma nede til venstre - og thats it. Heldigvis går det begge vegar, ho kjem ikkje heim med fleire klemmer; berre andre. Så derfor har vi ein heil haug med ulike klemmer, noko som jo er kjekt. I følge barnehageansatte er de tre jenter som er ein klikk - som følgjer etter kvarandre, og viser stor omsorg for kvarandre. I dag da eg leverte ungane var det lykkehyl frå både lillesøster og den eine venninna som var komt; klemming og dansing og "vi har sole på i dag begge to!" Ingen av de to vennane hennes bruker klemmer i håret, så eg veit eigentlig ikkje kva som skjer.
Klemmedilla. Av desse har vi også kjøpt ponniklemma til høgre. Og det er det.
Belønningssystemet fungerte IKKJE, men det som fungerte i går (etter ein tur på do) var å snakke med monoton stemme "du er så trøtt i kveld, åj så trøtt du er, no skal du endelig få sove, åh så godt det skal bli, du som er så trøtt, osv" Etter to minutter trudde ho på meg og da eg gjekk ut av rommet var det stille (heilt til ein gong i natt da ho hadde stått opp og gått på do, og satt og leika med bomullpad'sa i kven veit kor mange minutter før mannen høyrte ho)

Ha ei flott pinsehelg!

onsdag 15. mai 2013

Observasjoner og eigne meininger

Storebror inviterer til kappløp på rommet sitt. Først lager han flotte billetter til publikum. Han skriver masse for tida, og smaker på ord "Ffffantorangen sin første lyd er ffffff".
Lillesøster er på mange måter veldig ulik storebror. Men samtidig er ho så lik han slik han var da han nærma seg tre år! Det som slår meg mest er auge for detaljer som begge har. Om dag tidleg kl.07.15 kjem lillesøster snikande opp trappa, ser på meg og seier "mamma pynta seg?", og eg seier "ja, synes du eg har det?" "ja" "åja, takk - eg har vel pynta meg litt". Og medan ho sitter på do kikker ho på neglene mine (som eg lakkerte lilla i går etter at ho hadde sovna) "Åj! Du masse fajge på nælene dine?" "Ja, eg tok på neglelakk i går kveld" "Åj, mamma veldig fin! Lilla" Også ser ho forbi meg og opp på vasken "Ny såpe!"

Det er nok alderen - eg ser at de andre på samme alder i barnehagen har like mykje detaljkunnskap - og det fasinerar meg! Det er utruleg kva de hugsar og lærer og reflekterar over!

Ei anna side av lillesøster som utvikla seg for tida er dårlege kveldrutiner. Vi var vande med ein unge som la seg kl.19.00 kvar kveld og sov til kl.08.30 neste morgon, eller til ho vart vekt. Etter at ho slutta med smukken i påska har ho knapt nok lagt seg til ein einaste gong - ho berre tuller og bråker og VIL IKKJE! Ho kjem opp og skal tisse eit par gongar, ho skal ha vatn, ho har slått eine tåa si i sengehesten, ho ligger på Eddi og finner han ikkje igjen, ho er meir tørst, ho mister kosen på gulvet og ho VIL IKKJEEEEEEEE!! Ho held på i ein liten time kvar kveld - og vi er seriøst skikkelig leie! Storebror var akkurat på denne måten - meir eller mindre frå han slutta med amming da han var eitt år var det eit prosjek utan sidestykke å få han til å sovne på kvelden (og sove natt igjennom). Så stakkas lillesøster, vi er eigentlig framleis leie etter storebror sine år med tulling - men dette er noko av det kjedligste vi veit. Så er vi strenge på kvar vår kant "Nei, du får ikkje gå på do - du har nett vore" - noko som fører til hyling på "PAPPAAAAAAAA!" Også kjem han "Nei, no er det nok vatn, du kan umogleg vere meir tørst" "MAMMAAAAAA!" Min tur igjen "Legg deg ned, så pakker eg deg godt inn i dyna" "PAPPAAAAAA!" Pappa kjem "Slå av lyset!" "MAMMAAAAA"

Og nei - det hjelper ikkje å overhøyre - ho skriker og skriker og skriker. Mens dette pågår sitter storebror og koser seg med spel på lego.no - ein premie for at han la seg fint til kvelden før (eit etterheng frå eit år tilbake, no leggjer han seg utan protester kvar kveld). I dag begynner vi med belønningssystem for lillesøster også. Ho får eit klistermerke kvar kveld ho har lagt seg i ro og fred - det er nok belønning for ho. Håper det får umiddelbar virkning! Ho vokner også på kvelden (rundt midnatt), men det håper vi også gjer seg når ho bestemmer seg for å ta ein roleg kveld.

Så kjem morgonen og ho er verdens vakraste lille jente med rufsetufsehår og eit stort smil!

tirsdag 14. mai 2013

Søndagstur - strand og hav

Sist søndag tok vi turen til Askøy og Kollevåg for å kjenne på sjølukt og grave i sanden. Da vi kom var det kanokurs inne i vika, det var veldig spanande å sjå på. Vi fikk også sjå ein som var superflink å fly med drage i vinden - eg vart særs imponert!
Vi fann oss ein sving utan så masse vind og storkosa oss med ubegrensa mengder vatn og sand! Vi fikk til og med oppleve tidevatten på kroppen da den eine spaden nesten forsvann utover etter at vi hadde lagt den litt for nære vannkanten før middag.
Vi var der saman med gode venner - åt middag og dessert, kaffi og kakao. Og ungane leika seg våte og gode. Ein perfekt søndags ettermiddag!

mandag 13. mai 2013

Jentekort - og bursdagsbarn

Heimelaga kort til ei nyfødd lita jente
I dag er det 32 år sidan eg var nyfødd. Yes indeed. Eg har ikkje fått eit einaste kort, men sidan ungane ikkje klarer å holde tett veit eg at det ventar måleri og kort når vi ser kvarandre igjen i ettermiddag. I helga bakte de browniescupcakes med espressofrosting (MINST like godt som det høyres ut!), så feiringa er alt unnagjort - sånn matmessig.

I dag ventar bretting av klær og intervalltime på sats. Sjefen lurte på om eg vart vekt med kaffe på senga i dag - men nei - i dag vart eg vekt av ei trøtt og sur lillesøster før storebror kom trampande opp trappa fem minutter etterpå og vart superhissig da han såg at han var sistemann voken (igjen). Alt dette rundt 30 minutter før klokka mi skulle ringe. Kvardag - rett og slett.

Men hurra for meg (eg likar kvardag eg)!