torsdag 30. august 2012

Ripsbonanza 2012

Sidan det framleis henger enkelte rips på buskene kjenner eg at det ikkje føles som om det er så veldig lenge sidan vi hausta og sylta. Men det er faktisk nærmare ein månad sidan:) Vi har eit hus frå 60-talet, og ripsbuskene i hagen er kanskje like gamle - i alle fall er de fulle i store og deilige bær! Dette er tredje sommaren i huset, og tredje gong vi saftar og syltar.
Det går i ripsgele. Kok - sil - rør i sukker og litt syltepulver - ha på reine og varme glas. Ferdig! Vi ELSKER det!
Dette er sommar!!

Det vart tre koker i år, og ein heil del gele! Noko har vi alt gitt vekk i gåve, mykje spiser vi sjølve. Vi kokte også tre panner med ripssaft; tilsaman 12 flasker med e-stoff-fri saft er lagra i kjellaren. I fjord plukka vi ripsen tre veker tidlegare, før fuglane hadde forsynt seg. Så det vart mindre i år, men forhåpentlegvis nok:)

I dag kjem mannen heim frå det store utland:) Talel er spent på kor mange raude pølser han har spist. Eg er meir interessert i om han kom seg innom tax free for å kjøpe parafyme sidan han skulle fly med privatfly (!!). Time will tell:) Og no er det snart helg gitt - nice!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...