tirsdag 28. august 2012

Smøråsfjellet og første haustdag

Saman med gode venner gjekk vi (i følge nettet "den populære") familieturstien ved Smøråsfjellet. Skjønner godt at den er rekna som populær, både med tanke på antal mennesker på stien saman med oss, og sjølve turen. Fleire stadar var det plassert dyr og troll laga i tre. Nokon stod heilt i stien, andre litt lengre unna slik at ein måtte ta ein litan avstikkar. Gøy med andre turar enn de vil "alltid" går! Også lærte Talel at mi tomatsuppe var MINST like god som den de lagar i barnehagen - med andre ord ein god dag:)

I går var det iskaldt når vi gjekk ut døra klokka 8. I dag var det ti grader varmare, men regnet ausa ned og det blåser og blåser. Eg ELSKER dette været! Jobben min har flytta, og på det nye kontoret har eg masse lys som eg kan tenne i. Da blir det så lunt og koselig! Og eg veit at ungane storkosa seg i barnehagen; der har de mellom anna ei elv som blir stor (relativt...;) når det regnar. I morgon reiser mannen på jobbtur til Danmark. Eg har bestilt ny parafyme, så derfor (og av andre og meir sjølvsagte grunnar) gler eg meg til han kjem heim igjen - alt på torsdag:) Sjølv har eg nett bestilt flybillettar til konferanse i Ålesund om to veker, ikkje akkurat tax-free-høve, men akkurat like kjekt med ein liten ferie vekke frå kvardagslivet. Har eg nevnt i det siste at vi er så heldige at vi har fått draumejobbar i 2012? Kanskje ikkje her på bloggen, men i alle fall heime:) Ha ein flott dag!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...