onsdag 3. oktober 2012

Do-trening

Janna trener på å gå på do. Ho har tre og ein halv månad på seg om ho skal bli bleietørr samtidig som storebror. Ho klarer å tisse nesten kvar gong vi setter ho på do, og ho synes det er stas å sitte der, tørke seg og ikkje minst vaske hendene etterpå.
Det står og faller på oss voksne. Vi må berre bestemme oss for å ta på ho truse i stadenfor bleie. Mannen kjøpte med seg flotte prinsessetruser frå Disney Store med glitter og stas, så å få Janna med seg på laget trur eg blir ein lett sak. I alle fall til uhell nummer ein!
Vi bruker tøybleier - så ho kjenner at ho blir våt til vanleg - men det krevast jo meir av både oss og ho når bleie er bytta ut med truse. Vi skal begynne snart - vi skal det!
I mellomtida er ho verdens vakraste lille "baby" med tutt og bleie. Og varme ullsokker som mormor har strikka.

I kveld er det foreldremøte i barnehagen, og for første gong må eg dele meg mellom to avdelingar. Janna har kun gått i barnehage sidan januar i år. Eg får vere litt her og litt der, og håpe at eg får med meg det viktigste. Ellers får eg spørre. Og det er eg jo ganske god til:)

Ha ein flott midtveke!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...