fredag 26. oktober 2012

Lykka ligger bakerst i kjøleskapet

(tenkt å bruke tid og krefter på å skrive noko som helst om dette så høgst kvardagslege temaet - er det mogleg!)
Men here it goes....
Innerst inne, heilt bakerst og øverst i kjøleskapet vårt kan ein skimpte noko deilig.

Det har stått der sidan tidleg august - og KVAR EINASTE dag ser eg på flaska langt der bak og GLER meg til den dagen eg skal drikke innholdet.


Saman meed Snapple Peach Diet er dette min absolutte favoritt"leske"drikk! Eg helte nedpå flaske etter flaske da eg budde i USA, og mitt sterkaste icetea-minne er da eg og ei venninne var på Prinston University med medbrakt lunsh og kvar vår flaske av nettopp denne typen. Det var sol, vår og kjekke studentgutter. Liver var godt!

Livet er godt framleis - men denne veka har vore tung innimellom. Da er det kanskje i kveld eg skal kose meg med denne, draume litt om korleis livet var da eg kun hadde meg sjølv å tenkje på?

Ha ei flott helg folkens!:)

2 kommentarer:

  1. Mmm, den ser så god ut - hva smaker den?
    Her sett på den flere ganger men aldri kjøpt, kanskje jeg skal bli skikkelig "blogg-påvirka" og kjøpe meg ei i morgen;)

    Håper du har det godt,
    varm klem:)

    SvarSlett
  2. Grøn iste; type søtt! Fantastisk på varme dagar (som vi jo har så mange av på denne årstida;)) Kjøp og nyt med isbitar - medan du lukker augene og trur at det er sommar!

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...