lørdag 1. desember 2012

Adventskalender

 Det er koselig å samle småting til adventskalender! I år kjøpte vi ein del i København, mellom anna de stilige magnetane med Jake og sjørøverne på som storebror får oppdelt slik at ein pakke blir fire kalendergåver. Klistermerker, julemagner, Spidermansokkar og utprinta teikneark med julemotiver på - det trenger ikkje å vere vanskelig. Eller dyrt.
Lillesøster (eller var det de voksne?) har tatt seg ei pause i bleiesluttprøvinga. Med kun 7 truser til rådighet vart vi fort tomme for tørt og reint undertøy. Ho får derfor mellom anna truser, hårstrikk, klemmer, endelig ei eigen kjevle (pakka inn på den dagen vi skal bake julemenn og pepperkaker), og begge får kvar sin lille varmeflaske som eg fann for 5 kr stykk i København.
For de dagane eg ikkje hadde noko skikkelig får de ein liten sjokolade eller til/frå-kort som de kan pynte. Storebror har telt dagar fram til 1.desember i to veker alt; så no er det GODT at dagen endelig har komt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...