fredag 28. desember 2012

Lystenning på Fløyen

Tredje søndag i advent reiste vi til byn for å få med oss at de tente lys nummer 3 på Fløyen. Etter at lillesøster nyleg slutta med lurane sine midt på dagen har vi meir frihet til å gjøre ting - vi synes det er kjempeflott! Vi tok Fløybanen både opp og ned, noko storebror synes var flott "Det går jo mykje raskare å komme seg opp når vi tar Fløybanen".
 Det var regnvær og kaldt, men vi kosa oss likevel med medbrakt lunch, julemusikk og ei lita gudsteneste. Lys nummer tre vart tent til ein spontan Oooooo frå alle som hadde møtt fram. Dette var skikkelig stemningsfult; så det vil vi gjøre igjen!
Vi skulle haste vidare til fotoutstilling, så vi tok banene ned igjen umiddelbart etter at arrangementet på toppen var over. Ungane var heldige og fikk sitte heilt framme i vogna og "styre" heile vegen ned til byn:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...