tirsdag 17. juli 2012

Minnekrukker

Dette er eit tips eg har tatt frå eit blad. Minnekrukker skal gjøre dokumentasjonen av barndommen enklare - for å seie det litt vitskapleg.
Vi har plassert krukkene på kjøkkenet, slik at det skal vere "låg terskel" å ta de i bruk.
Når vi hugsar det skriver vi ned små og morsome ting som har blitt sagt eller gjort og legger det i riktig krukke. Slik vil, trur vi, fleire ting bli hugsa - og det er alltid kjekt.

No gjennstår det å sjå om dette blir knall eller ball. Eg føler også for å spesifisere at med "vi" meinar eg "eg". Trur ikkje far i hus har det samme dokumentasjonsbehovet som meg;)

søndag 15. juli 2012

Rosa sprudlings

For godt over eit år sidan kjøpte vi ei flaske med rosa "champagne".
Vi har venta på den "rette" annleiinga for å drikke den; og det har vore mange grunnar til å feire; nye familiemedlemmar, nye jobbar, refinansiering av huset, og generell skåling for at livet er godt. Men så har det følast som litt masse... å dele ei heil flaske berre vi to. Så da bestemte vi oss berre for å dele den sist fredag. For å feire at det var så varmt ute at vi kunne sittje i kveldssola utan tjukke jakker på. For å feire at vi kun hadde ein nedbetaling igjen før billånet var tilbakebetalt. Og for å feire at det var ei veke igjen før sommarferien begynte. Og fordi det generelt sett er dumt å vente på ein grunn til å feire. Vi har til ein kvar tid mange grunnar til å feire. Vi er heldige.

torsdag 12. juli 2012

Mulitasking

Er det på tide med nye puslespel...

eller er det berre S som brillierer med sine medfødte kvinnlege eigenskaper?

I dag er det siste dag med jobb og barnehage før ein etterlengta FERIE! Hurra for sommaren!

onsdag 11. juli 2012

Sjørøverkart

 Eg fann desse ferdige kartene på nettet. De var kjempestilige, men alt gjør jo nytten - ein trenger ikkje å ha noko anna enn eit papir. Med eller utan øy på.
 Eg tok ein te-pose med svart te og lot den ligge litt i varm vatn til det begynte å komme farge. Så farga eg kartet med te-posen slik at det vart både vått og brunaktig.
Knurve, knurve - og la tørke.

Sim sala bim (eller helst splitte mine brannseil i denne samanheng) - tørre og gamle skattekart! Klare til å fyllast ut av skattesultne unger!

tirsdag 10. juli 2012

Nye jaktmarker

Ny blogg-platform; og eg kjenner eg får "håvveverk" av at alt er annleis. Stay tuned - snart er alt som før; berre på ein anna måte:)

Ha ein strålandes dag!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...