mandag 31. desember 2012

Mine tre favorittmennesker...

...som eg gler meg til å vere masse saman med i året som no kjem.

GODT NYTT ÅR ALLE SAMAN!!!!


søndag 30. desember 2012

Strikk for livet

For rundt halvanna år sidan strikka eg ein liten haug prematurhuer med tanke på å sende de til Haukeland Sjukehus. De har lenge ligge i ei skuffe, men no har eg tatt de fram, vaska de og strikka to nye plagg.
Med ei lita støyfe. Hello Kitty-inspirert.

Rillestrikk. Haukeland sin favoritt.

Med diamantmønster. Og lillesøster vil kose med babyen.

Stripte.

Med hullmønster - men det er klin umogleg å sjå med det spraglete garnet.

Hjarte. Og eit suss frå lillesøster.


                                                   


 
Eg og lillesøster har ulike oppfattningar om korleis ein kan bruke eit babyteppe størrelse pitteliten:)



Denne lille rosa gensaren er ei strikka "kuvøsegenser" for de premature babyane på Haydom Lutheran Hospital i Tanzania. Gå inn på http://strikkforlivet.no/ for å lese meir om prosjektet - og om strikkeproduktene.

lørdag 29. desember 2012

Superenkel lysdekorering

På Panduro kjøpte eg søte små englar som eg lot ligge i vatn i nokre sekunder før eg festa de på enkle, kvite kubbelys.
Dette vart, saman med heimelaga julepynt, gåve frå lillesøster til de fire fadderane hennes.

...også to til oss sjølve:)

fredag 28. desember 2012

Lystenning på Fløyen

Tredje søndag i advent reiste vi til byn for å få med oss at de tente lys nummer 3 på Fløyen. Etter at lillesøster nyleg slutta med lurane sine midt på dagen har vi meir frihet til å gjøre ting - vi synes det er kjempeflott! Vi tok Fløybanen både opp og ned, noko storebror synes var flott "Det går jo mykje raskare å komme seg opp når vi tar Fløybanen".
 Det var regnvær og kaldt, men vi kosa oss likevel med medbrakt lunch, julemusikk og ei lita gudsteneste. Lys nummer tre vart tent til ein spontan Oooooo frå alle som hadde møtt fram. Dette var skikkelig stemningsfult; så det vil vi gjøre igjen!
Vi skulle haste vidare til fotoutstilling, så vi tok banene ned igjen umiddelbart etter at arrangementet på toppen var over. Ungane var heldige og fikk sitte heilt framme i vogna og "styre" heile vegen ned til byn:)

torsdag 27. desember 2012

Superenkel julepynt

Eg vart introdusert for silkis av ein kollega frå kulturskulen. Silkis er lett å jobbe med og blir veldig fint (og hardt) etter ein tur i omnen. I år har eg laga julepynt av silkis.
 På Panduro fann eg silkis med glitter i. Eg kjevla ut med eit stykke pyntepapir for kaker oppå og trykka ut hjerter med pepperkakeform. Hullet vart jevnt takket vere sugerør.
Fargen her er heilt feil, men mønsteret kjem godt fram:)

 Etter 30 minutter i omnen er de ferdige og harde. Eg putta to og to nedi små posar og gav vekk som små venninne og svigerinnegåver.

tirsdag 25. desember 2012

Årets julekakeproduksjon

Eg hadde planer om 6 slag og 4 snop - men influensa, omgangssjuke og bilkræsj satte ein stopper for noko.
 Sjakkruter (min julekakefavoritt of all times!), kokosmakroner (med lime), jasminkaker (ny favoritt!), pepperkaker og kakemenn.
                                     
 Marsipanplater og nougatkuler dyppa i mørk sjokolade - HIMMELSK! Det er første gong eg har laga dette; det skal vere ny tradisjon! (det er så godt at vi ikkje har introdusert ungane for det - da forsvinner det jo så fort!)
 Enkel julesnop - smelta kvit sjokolade med hakka gojibær. Skjønt - enkel og enkel fru Enebær. Sjefen min vart så inspirert av "egharlagajulesnop"-talen eg holdt dagen etter at ho prøvde seg ho også. Men hos ho vart all sjokoladen brent (noko som er fort gjort med kvit sjokolade). Men med mørk sjokolade gjekk det fint. Det er nok like godt - gjerne med litt salte peanøtter oppå, nam:)
Jasminstenger - desse sloss vi nesten om! Storebror spiser opp desse før han begynner på de andre julekakene. Det er jasminte i deigen, og det grønne er ferskpressa limesaft med melis og litt konditorfarge for å få det grønt. Friskt og veldig godt!

søndag 23. desember 2012

Pepperkakehuset vårt 2012

Det var ikkje nok med Pepperkakestabbur; vi må jo også lage Pepperkakehus til oss sjølve - med mengder av snop!! Storebror ville at vi skulle lage båt, eg ville at vi skulle lage borg. Så da vart det begge deler:)
Nisser på skitur

og nisser som spiser graut. Vi konkluderte med at det måtte vere snø inni borga også.

Båten hadde vi ikkje mal til, men mannen fiksa det på strak arm!

Eit kult anker framme på baugen.

Og sjøsprøyten står!

MASSE SNOP!


GOD JUL!

lørdag 22. desember 2012

Barndommens juleminner

Tre ting står ut når eg tenkjer på julene eg hadde da eg var "lita" og budde heime.
1. Klokkespel med fire lys
Denne kjøpte vi i København og er veldig søt. Den vi hadde heime var med engler, denne er litt meir religionsnøytral med pakkar. Ikkje helt lik, men lyden er den samme:)

2. Dizzie Tunes juleplate
Heime høyrte eg masse på Dizzie Tunes si juleplate frå 1977 "Glad jul". I 2009 kjøpte eg CD'en med samme musikk, museprat og nissetull. CD'en har ikkje samme snurr på lyden som den etterkvart velbrukte plata hadde heime, men den er god som gull og blir spelt fleire gongar dagleg heime no i førjulstida. Sidan den er både med julemusikk og småprat liker storebror å sittje i ro å høyre på.

3. Kyrkje med trekkopp og musikk; noko liknande denne:
http://www.qxl.no/pris/samleobjekter-antikviteter-kunst/oevrige-samleobjekter/julepynt/gammel-julekirke-komplett-med-lys-og-klokkespill/v/an690421060/
Ein slik har eg ikkje, men eg ønskjer meg ein!

Two down, one to go!:)

fredag 21. desember 2012

Stabbur til Pepperkakebyen

Sidan 1991 har det kvart år blitt bygd Pepperkakeby i Bergen. Private, bedrifter, barnehager og skular bidrar med byggverk som blir satt saman til ein kjempestor by. Mannen og storebror var i Pepperkakebyen i fjord, og sidan då har storebror snakka om at vi i år skal levere noko til byen vi også. Som sagt så gjort (eit år seinare) kjøpte eg pepperkakedeig på butikken (det er jo ingen som spiser byggverkene etterpå) og i november hadde var det årets første "jule"bakst på kjøkkenet vårt. Storebror var kjempeflink å skjære ut etter former - og lillesøster fikk klisse på ein klump så lenge ho berre orka. (som sagt - det er ingen som spiser byggverkene etterpå;))
 Mannen bestemte at vi skulle bake eit stabbur med den baktanken at det da kanskje blir plassert høgt oppå eit fjell i Pepperkakebyen - og da blir lettare å finne igjen når den opnar. Vi leverte huset siste helga i november, og Pepperkakebyenansatte byggjer så ein by av alle byggverkene som har komt inn. Det er ein del kvadratmeter å leite på for å finne igjen akkurat VÅRT hus!:)
 Dette er typisk storebror; ein peis inne i stabburet. Den er det ingen som ser, vi har ikkje opne vindaug - men vi veit at den er der:)
Lillesøster var også med på pyntinga. Ho fikk pynte to ferdigpepperkaker som var rester frå laurdagsbesøket.

 Her er det ferdige gliset! Med trapp og det heile:D
Vi var sparsommlege med pynten; alt blir jo kasta etterpå.
Stor stas å få pepperkakemedalje og diplom da vi leverte bidraget vårt! To veker etterpå; laurdag 01. desember tok vi turen til byn for å oppleve årets Pepperkakeby. Det var kjempemasse flott! Etter å ha leita ei god stund fann vi VÅRT bidrag!
 Bak - ved siden av juletreet ser du det:)
Stabburet var plassert i ein sving, bak NOAH og ei tog med pepperkakemenn som hadde plakaten "Slipp løs dyrene" på eine sida, og Fløybanen på andre sida. Fint, flott og kjempestas!!

onsdag 19. desember 2012

Smarte løysningar

ØVERS i trappeoppgangen vår har vi eit lys som vi er glad i. Da pæra for første gong sidan vi flytta inn sa takk for seg vart det eit par dagar der vi snubla ned trappa i halvmørket.
Men her har jo nokon tenkt; som det så fint heiter. Dette har vore eit problem tidlegare, og ein smart kar (dem samme smarte karen som vi kjøpte huset av) har tenkt ut ei smart løysning - så smart at eg ikkje veit kva det heiter ein gong.
GENIALT!!!!

tirsdag 18. desember 2012

Hårband

 Restegarnprosjekter som ikkje tar lang tid er ein favoritt!
 Restar frå rosa bomulstråd, 12 masker på pinne 4 - strikk til ønska lengde.
 Den rosa blomsten var festa på ei klemme lillesøster fikk til 2-årsdagen i sommar. Vi har brukt den så masse at klemma ikkje lenger klarte å klemme; her har eg nappa av klemma og sydd blomsten fast på hårbandet.
Strikk midt bak - så held den seg på plass.

mandag 17. desember 2012

Eggvarmere

I fjord strikka eg snøttsmå julenissehuer som skulle varme eggene våre i jula.

I vår fann eg små dusker på Stoff og Stil.
 Så i år er de ferdige.
Titt-titt!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...