mandag 28. januar 2013

Do-trening

Vi er glade i biografiar - og JA vi har lest alle:) kremt; eg har ikkje lest Gerrard - det må da vere ei grense!
Like etter nyttår var interessen for prinsessetruser større enn behovet for å kunne tisse akkurat når ein vil - det var tid for bleieslutt!

Lillesøster er kjempeflink og vi er superlykklege for at heile sluttinga gjekk så lett! Det var likt med storebror, han var 2 år og 7 mnd når han slutta. Lillesøster var no 2 år og nesten 6 mnd. Vi har brukt tøybleier på de, og eg merkar godt at vi vasker tre mindre 60-vask i veka! Deilig, etter snart fem år som tøybleieforeldre! Det går også fint i barnehagen - de set ho på do etter kvart måltid og ferdig med det. Det går likevel ein del strømpebukser sånn rett etter bleieslutt - det er godt vi har fleire å ta av. Sånn sett hadde det vore lettare å slutta på sommaren, men ho skal jo tisse igjennom ein god del ekstra klær før ho kjem opp i tre heile maskiner i veka!

Neste steg på bli-stor-jente-trappa: slutte med smukken (eller puppen som ho seier...)!

fredag 25. januar 2013

Ei travel veke

Har eg nevnt nok ganger kor glad eg er i Nespresso-maskina vår?
Dette har vore ei av desse vekene som får meg til å forstå kor mykje ein klarar å presse inn på ei viss tid - og som får meg til å lure på om eg må kutte ut noko.

Eg har fått eit nytt ansvarsområde på jobben - så på søndag jobba eg på ettermiddagen medan mannen var heime med slappe og prikkete unger. Måndag lærte eg at eg etter nokre veker med sjukdom og ikkje fullt så masse trening som eg ønskjer, ikkje lenger klarer å ligge på 95% av makspuls i 10 minutter (det var tungt for sjølvtilliten!) Tysdag var eg med å arrangerte opning av ein etterlengta Frivilligsentral. Onsdag rakk eg å rydde litt på stuebordet før mannen reiste ut på Stand Up i byn. Torsdag var eg på "Førstereis" på Den Nasjonale Scene og opplevde at Helge Jordal har andre strengar å spele på enn berre den overaktive klovneskikkelsen (forøvrig ei NYDLEG og sterk forestilling som eg anbefalar alle å sjå!). I dag er det igjen mannen sin tur å forsvinne i 18-tida. Han skal treffe gamle jobbkameratar til mat og god drikke. Heime blir det nok knekkebrød og vatn og tidleg i seng tenkjer eg! I tillegg jobbar eg max i arbeistida med mitt nye ansvarsfelt og søknadsfrister som nærmar seg. Ungane er no heilt friske igjen - det er veldig godt! Kva kan eg kutte? Heldigvis er kveldane ikkje slik kvar veke. Sjølv om det ikkje er langt unna. Vi lever, vi har det veldig bra, men vi trenger LENGRE HELGER og meir tid på sofaen!

God (og roleg) helg ønskast deg!

onsdag 23. januar 2013

Prikk og Flekk

Sjølv om ungane er i barnehagen denne veka er det famleis Prikk og Flekk-fokus i heimen. Til og med på duken vår som du ser:) No er vannkoppane erstatta med vonde sår med skorper som klør. Vi smører begge med A-krem som hjelper litt. Måndag og tysdag ville ikkje storebror i barnehagen "Eg vil ikkje at de andre skal se prikkane mine!", noko som resulterte i tøffe og lange leveringar. Men i dag var alt som før - og de ansatte i barnehagen forteljer at han svarer fint og konkret når de andre ungane spør kvifor han har prikkar i anletet "Fordi eg har hatt vannkopper. Men det har eg ikkje lengre!". Lillesøster hadde mykje mindre prikkar - kun fem i anletet som framleis viser - så ho bryr seg ikkje.

http://ord.no/sok?searchString%3Autf8%3Austring=prikk+og+flekk

...og desse bøkene har vore yndlingsbøkene til lillesøster den siste månaden.

Vi gleder oss til helg, og det har vi gjort sidan måndag! Det er tøft å vere tilbake på jobb og barnehage i full veke etter sjukdom. I tillegg er det travle jobbveker; så sjølv føler eg at eg knapt har tid til å puste. Kun to dager igjen no:)




onsdag 16. januar 2013

Vannkopper

Ikkje lenger "frisksjuke" barn! Storebror har fleire hundre prikkar berre på overkroppen. Han har prikkar i håret, på beina, rundt munnen - overalt! Bilete av vannkoppsjuke ungar på nettsider - barnemat i forhold! Han er slapp og trist og trøtt og kvalm, og vi håpar det snaaaaart går over!
Markblomsterbukett frå sist vår.
Lillesøster starta i det små med kun to flekker. Hissig som ein kveps når vi sa at "no har du også fått vannkopper lille venn" "NEI!!! KUN TO FÆKK!" ALtså, to flekkar betyr at ein ikkje har vannkoppar. No er det ikkje lenger to, men det er enda langt igjen til ho når storebror sin mengde. Yngre barn får det enklare, seier nokon, vi håper det stemmer. Ho er også slapp og humørsjuk, men har framleis god matlyst.

No har far i huset vore heime i tre dagar - så da er det min tur frå i morgon. Det er ikkje noko særleg å vere aleine med to sjuke barn, så i går hadde eg kjøpt med meg litt oppmuntring heim etter trening; øl, blad, marsipangris og nøtter. Eg spurte storebror om han ville ha noko frå butikken - kva som helst. "Reker" ok... du kunne ha fått kva du ville, men reker er bra. Da får du det. Eg var også innom biblioteket og lånte to filmar; det har vist gått masse i Timmy Tid- og Mamma Mø-filmane som vi kjøpte før jul.

Når det no snart er min tur å ta over stafettpinnen står det bollebaking og julebrus på agendaen - så snart de er friske nok til å bake litt. Vi er hekta på Pulverheksa; så det er masse bolle og brusfokus i heimen:)

Ha ei flott helg når den kjem!

mandag 14. januar 2013

Korleis ein IKKJE tørkar målepenslar

Altså - andre vegen. Fy - fy, men takk for at du rydda opp etter deg!
Meir pedagogisk; så flott at du rydda opp etter deg! Neste gong lar du busten stikke opp av glasset. High five!

Sist veke var over gjennomsnittleg begivenhetsrik med tre dagers eksamen for mannen, eg var til tannlegen for første gong sidan våren 2007, lillesøster slutta med bleie, vi hadde vår første fjelltur i år, og begge ungane har fått vannkopper. I dag er mannen heime, også skal vi bytte halvvegs i veka. Formen er fin-fin og vi er enda litt usikre på om lillesøster har fått det, men det er nokon prikkar på magen som ikkje bruker å vere der. Storebror er dekka på overkroppen; i går talte vi nesten 30 prikkar på ryggen. Godt med alt som er gjort - og i alle fall når vi veit at vi ikkje må gjøre det igjen.

onsdag 9. januar 2013

Selbuvottar

Tradisjonen tru kjøpte eg inn garn i rosa, blå og kvit da eg fikk vite at eg skule bli tante igjen. For første gong var det det rosa garnet som vart lagt i restegarnskuffa - ein gut var på veg!
Oppskrift på verdens søtaste babyselbuvottar fann eg her http://ivrig.blogg.no/1266438183_oppskrift_selbuvotter.html
Supersøte, enkle å strikke og heilt sikkert veldig varme og gode!

søndag 6. januar 2013

Nøstebarna sin omslagsgenser

Når ungane er heilt små - så små at de ikkje er unger men babyer - likte eg best de bodyane og gensarane som eg kunne leggje babyen oppå og brette rundt. Alt som betydde at eg ikkje måtte lirke det lille og mjuke hovudet gjennom eit hull gjorde skuldrane mine litt lågare. Derfor strikka eg Nøstebarna sin omslagsgenser da ei venninne var gravid med gut nummer to for , ja, to år sidan.

Med pinnar tynne som synåler og tynt garn vart det lille plagget eit lite evighetsprosjekt - og sjølv om eg var ferdig lenge før guten kom ut - bestemte eg meg for at DETTE plagget fikk ein gut i nærmaste familie få (når det ein gong kom) for dette hadde tatt TID!
 Guten til venninna mi fikk heimestrikka sokker og hue, og ein omslagsbody frå NameIt - denne gensaren har ligge i gåvekassa sidan 2010.
Men no har jo endelig go'guten til tante komt; og gensaren er ein del av barselsgåva frå oss. Han fikk jo julegåve først - som seg hør og bør når jula kjem før vi få sjå han - heimestrikk der også. No har eg ikkje noko fleire strikkeklær på lur, så no må eg til å lage nye plagg. Heldigvis ligger det små englar i fleire magar rundtomkring som eg gler meg til å strikke for!

fredag 4. januar 2013

Faddergåver

 Lillesøster har i førjulstida vore inne i ei mørk fase - sånn yndlingsfargesett. Ho mala kun med svart, så da ho skulle male hjortar i kryssfiner vart de svarte.
 Men stilige vart de likevel - med litt glitterlim, raude band og perler.
Innpakka i silkepapir vart dette julegåva frå lillesøster til fadderane som fulgte ho til dåpen:)

Vi er klare for helg - storebror var utslitt da han vart vekt i dag tidleg. Det er hardt å begynne på'n igjen!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...