onsdag 13. mars 2013

Barnehagetrøbbel og solgt barndom

Finaste hjartejordbæret!
Det er ein gut i barnehagen som etter at sterkare gutar har slutta og begynt på skule no har blitt ein ramp. Han vel å bruke tida si på å slå, dytte, plage og knuffe på de andre. Men han kan også leike fint og roleg - da gjerne saman med storebror. Når de to leikar saman har de det ofte veldig gøyt, og de får som einaste i barnehagen lov å leike aleine på eit av de små grupperommene. Fordi de leikar så fint. No veit eg ikkje kva som har skjedd - men det verkar som om storebror ikkje lenger ønskjer å leike saman med denne guten. Sjølv om de var vennar har også storebror blitt utsatt for ymse, og han har kanskje fått nok. No leikar de nesten ikkje saman lenger, noko som har ført til at guten trakker etter storebror og plager han. Drar han i genseren, seier at han skal hoppe på oss og lillesøster slik at vi dør, slår han med pinner også vidare. De ansatte i barnehagen er klar over at det skjer og passar på - men får ikkje med seg alt. Storebror seier at guten er "full av tullete tankar i hovudet sitt" og er meir eller mindre likgyldig til masse av det som blir sagt og gjort. Dette synes vi er veldig vanskelig, særleg fordi de ikkje ein gong har fylt fem år. Denne guten; han veit kva han gjør, men han er så umoden at eg får vondt av han. No ser vi at han går aleine rundt i barnehagen, ingen vil leike med han. Men, som mor, når eg leverte storebror i dag og han knapt hadde komt inn døra før han kom grinande bort til meg fordi guten hadde kløpe han i puppen; då kjenner eg at eg får lyst å ta med meg storebror vekk - dette kan jo ikkje fortsette! Dette som kanskje berre er eit utrykk frå denne guten om at han ønskjer å leike med storebror, få positiv merksemd slik han fikk når de var vennar, men som kjem så feil ut! Storebror fyller snart fem år og har sagt at han ikkje vil at denne guten skal bli invitert. Men det må han bli, og eg må gjennta gong på gong at han kjem til å oppføre seg fint i burdagen, og gjør han noko som ikkje er lov klarer eg å stoppe han. Det er ikkje slik det skal vere!

Som om det ikkje er nok med bølling i barnehagen dreiv eg med litt bølling i går. Storebror har ein Ole Brum-gåbil med masse lydar som han fikk til eittårsdagen sin. Den vart solgt i går for ein femtilapp og vi har hatt fleire hysteriske grinetokter "NO HAR JEG INGEN BIIIIIL LENGER!". Stakkars! Han har sjølvsagt fått lappen og skal kjøpe seg noko lego for den. Vi har solgt det meste vi har av babyutstyr i det siste, så når han ikkje finner noko kjem han spørjande "har du solgt det?" - noko som vi eit par gongar har måtte sagt ja til. Stakkars, stakkars!


huff

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...