fredag 29. mars 2013

Who's there?

Lettare anonymifisert bursdagsgut
Fem år sidan i dag vokna eg kl.06.30 laurdags morgon og tenkte (som eg alt hadde tenkt tre gongar den natta og de siste tre månadane) at eg måtte på do. Eg spratt opp (eller velta meg rundt) og før eg rakk noko meir var heile gulvet fult med fostervatn.

"Vatnet har gått!!!!!"
"Tuller du?!"

Vi ringte til Kvinneklinikken som bad oss holde oss heime og kjenne etter - også komme inn på kontroll på kvelden om ikkje noko meir skjedde. Ok. Vi la på og tørka gulvet. Også ringte telefonen.

"Du er 35 + 6?"
"Ja"
"Jamen da er du jo for tidleg! Du må komme med ein gong!"

Kl.13 fikk eg modningspiller og etter fire steinharde timer vart ein liten og varm gut lagt på magen min. Herrehud her er du! Herregud her er du! Herregud her er du!

Du som eg meinte eg hadde sett før.
Du som sov som ein karusell det første året.
Og du som berre sov og sov og sov - fordi du eigentlig framleis skulle ligge inne i magen min og vokse.

Du som var ein draum å ha med på besøk til andre barn - for de hadde andre leikar enn deg.
Du som framleis er ein draum å ha med på besøk til andre barn - fordi de har andre leikar enn deg.
Du som aller helst vil spise middag med fingrane, men når du får skrape kakerørebollen finner du fram ei skei.

Du som ber med om ikkje å bruke smykkene du lagar til meg i barnehagen på jobben fordi du ikkje vil at de eg jobbar med skal bli missunnlege.
Du som alt klarer å leggje saman tre tal, trekke frå og til og med dele.
Du som sitter med hovudet i hendene, sukker og seier "Det er så lenge å vente til eg blir voksen"

Du som ikkje teiknar mennesker - men kart.
Du som kvar kveld gjer meg eit kyss på panna medan du seier "God natt SØØØØØTEEEE mamma"

Tenk at eg og pappa har laga deg!

Gratulerer med femårsdagen guten min! Eg elsker deg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...