mandag 17. juni 2013

Førstehjelp for slitne mammaer

Kaffi i fin kopp, uante mengder klistermerker, fargeblyanter og ark. Betre enn bilkræsj.
Med fare for å høyres dramatisk ut - livet kan forandre seg på eit sekund. I denne tilfellet ikkje heile livet, men de nærmaste vekene, og kanskje til og med de neste månadane og åra.

I morgon kl.07.30 begynner ei ny etappe hos oss. Da kjem det ein haug "jobbemenn" (som storebror kaller alle som jobber) inn i huset vårt for å rive ned badet og rørsystemet vårt, og lage eit heilt nytt FLOTT bad! Dette skjedde kjempefort - vi hadde tenkt september tidlegast, men firmaet vi ønskjer å bruke fikk ei avbestilling i siste liten, og vi kunne hoppe fram i køen med fleire månader! På laurdag plukka vi ut fliser, og vi har bestemt oss for toalett, dusjløysning og vask/skap/speil. Det vil ta ca.12 arbeidsdagar med unntakstilstand i huset før vi kan NYTE eit nytt bad.

Natt til laurdag vart det så knapt med søvn at eg i all "søvnlausetåke" endte opp med å kræsje bilen vår inni ein anna bil. Ikkje så veldig alvorleg - han hadde parkert rett bak meg utan at eg fikk med meg det, og når eg skulle rygge satte eg automatgiren i R og slapp bremsa før eg såg i speilet, og PANG der hadde eg bulka hans nye og fine bil. Heldigvis var han superhyggeleg og vart ikkje sur. Eg vart både voken og forbanna på meg sjølv. Mannen min var VELDIG oppgitt. Der forsvinner det (også) ein del pengar er eg redd.

Desverre er marknaden i bransjen der mannen jobber inne i nedgangstider. Det betyr at firmaet han jobbar i må seie opp ein heil del arbeidarar, noko som gjør mykje usikkert framover på arbeidsfronten. Vi krysser fingrane for at alt går bra til slutt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...