mandag 29. juli 2013

Barselgåve til amerika

Vi har gode venner i US of A som i juli fikk ein flott liten gut! Sokkane strikka eg i januar etter ønske frå foreldra (og meg sjølv:)) Eg har strikka mengder av slike sokker, også til storesøster til den nyfødde amerikaneren; og det var de einaste sokkane ho ikkje klarte å sparke av seg! :) De er strikka i babyull og er gode og varme på foten; så mottakaren har berre brukt de på bilete så langt sidan det er sommar og sol i junaiten; akkurat som her:)
Heimelaga kort med eit fint sitat fritt oversatt av me, myself and I. I tillegg til heimestrikk bestilte eg gåver på amazon, noko som fungerte knallbra (og for eit utvalg av gåver de har!!).
Ein sommar reiser vi til USA for å besøke de vi er glade i der borte - det er i alle fall sikkert!

2 kommentarer:

  1. er det lov å kommentere skrivefeil? tar sjansen... 'yet' med y, ikke j.. og 'newborn' uten 'ed' på slutten. Håper du ikke blir alt for sur på meg nå... :-)

    SvarSlett
  2. Det går ann å vere for heimelaga :) Ok, da har eg lært og er absolutt ikkje sur!:D

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...