onsdag 31. juli 2013

Home sweet home

..eller er det verkleg slik? Når vi kjem frå tre veker med meir eller mindre strålande sommarvær - varme, tid og lite styring - er det ikkje like kjekt å komme heim til regnfulle og kalde Bergen og eit og eit halvt mål med hage som ser ut som jungel light. Tre fulle bag'ar med skitne klær i tillegg til fire ganger to sengesett (sidan vi jo skifta før vi reiste, og de vi har brukt på ymse hytter i sommar er godt brukte!), noko som betyr at vaskemaskina må gå for fulle mugger i tre dager (for å ikkje gløyme brettinga i etterkant). Joda, det er flott med oppvaskmaskin og toalett (og nytt flott bad!), men det var ein liten nedtur likevel. Ungane er slitne og lettare følsomme. Eg og mannen er slitne med litt kort lunte. Det er ikkje ein god kombinasjon.
For å gjøre dagen betre inviterte vi venner på besøk etter endt arbeidsdag slik at vi fikk ein mjukare overgang, og de ikkje trengte å lage middag i dag likevel.

Med helga har vi fire dagar igjen før vi begynner på jobb på måndag. Vi skal safte (ikkje så mykje som vi hadde trudd sidan fuglane hadde spist masse av ripsen vår), i morgon skal eg og manne feire (litt) bryllupsdag og vi skal få sjå botnen av skitnetøyskorga (eller golvet på vaskerommet for å vere nøyaktig). I morgon skal eg på trening igjen etter tre veker med ferie og is - det grugledar eg meg til. Vi hadde også eit lite ønske om å sykle på tur alle saman, men været seier regn fram til neste vår, så vi får heller sjå ein film. Like sundt det.

Eg håper DIN overgang frå ferie til kvardag var meir smertefri enn vår! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...