tirsdag 23. juli 2013

In case of emerganzy ---

Skulle det vise seg at det skulle regne kvar einaste dag heile ferien vår har vi pakka med oss førstehjelpsutstyr. Førstehjelpsutstyr for ei mamma som er alergisk mot sutring og knuffing og sure unger. Denne dyrejatzy'en kjøpte vi i Købehavn i november i fjord med tanke på romjula. Romjula kom og gjekk utan så altfor mykje av kjedsomhet, så enda er yatzy' en ubrukt. Kanskje er vi så heldig at den er ubrukt etter sommarferien også :) Den er i alle fall superkul, og det kan vere at eg og mannen får ta eit slag når ungan er i seng!
Handy Manny domino fann eg på Toys R' Us for den nette sum av kr.20,- (på tilbud). Brikkene er laga i tre, så denne vil nok vare ei stund. Vi hadde desse med på båtturen til Florø. Ikkje berre kan vi spele domino med de (viste du foresten at eg var på 60. plass av 450 i NM i domino på 90-tallet?), vi kan også bygge med de. Noko som jo er like kult.
Også på Toys R'Us fann eg dette basketsettet til innendørsbruk. Med sugepropper bakpå kan vi henge den på hyttevindauget og ha basketballturnering. Eg VEIT at eg kjem til å komme i topp fire!
Pakket og klar. La sutringa og regnværet begynne! (helst ikkje da)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...