tirsdag 30. juli 2013

Ulriken på eigne bein

Lillesøster i fin driv oppover mot Bergens høgaste fjell ein sommardag for nokre veker sidan.
Storebror gjekk så fort at eg følte at eg fikk gå litt skikkelig - ikkje berre lunte etter slik det ofte er. Vegen opp mot toppen er variert og spanande (no er det mange vegar mot toppen, vi gjekk den som 7-fjellsturen bruker).
Stoppe og kjenne på iskaldt og friskt fjellvatn er ein fin del av de fleste turar vi går. Eg skulle ønskje vi kunne drikke av det også, men eg er så usikker at eg ikkje tørr. Lunka vatn på flaske er like godt! (NEI!)
Ulriksbanen og utsikt over byen - Minde, Fantoft, Nesttun.
Store Lungårdsvann (som eg sprang rundt under I Form-løpet), Bergenhus og byfjorden. Underteiknande og storebror. Vi er kjempestolte av begge ungane som er så flotte turkamerater! Velfortjent is i sola på toppen før  vi tok bana ned igjen. Vegen ned frå Ulriken er tøff; eg er glad vi ikkje skulle gå ned igjen med ungane de bratte partiene!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...