fredag 26. juli 2013

Wasabipeanøtter

De såg ut som små egg. Og vanlegvis er peanøtter innepakka i knas noko av det beste eg veit når eg er sugen på noko salt. Kjøp og smak. Men fy og fy for noko makkverk! Verken eg eller mannen likte de. Vi likte de faktisk så lite at begge sprang utpå kjøkkenet for å spytte de ut og skylle munnen med mjølk for å få vekk smaken. Eg tok de med på jobb og overtalte alle til å smake. Alle spytta ut utanom ei som sa at det smakte ok, men nei, takk - ho ville ikkje ha fleire.
Til slutt var det ein kamerat og hans fem år gamle datter som knaska det i seg. Eg har aldri før leita så lenge etter nokon som lika noko. Styr unna - er det ikkje det ein seier?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...