torsdag 29. august 2013

Friskt barn

Etter at botnen var nådd på legekontoret i går sov lillesøster i to timar, vokna og åt både Mariekjeks og middag - leika og tulla. Mannen reiste på apoteket og henta medisin for augekatarr, sidan legen heldigvis hadde lagt inn ein resept i tilfelle det vart verre. Det vart det jo, men det var ikkje medisin for augekatarr ho hadde lagt inn resept for. Jaja, det ser ut som om det fungerer, og det er jo det viktigaste. Som takk for ein god lur på dagen i går vokna lillesøster i kjent stil kl.04.00 i natt og sovna på'n igjen kl.06.00. Eg er heime med ho i dag også. Det var GODT å sove til kl.08.15! Eg blir trøtt og slapp av å gå heime på dagtid.

Full i dårleg samvit fordi han er så stor og flink og forståelsesfull og likevel møter ei mamma som er sliten og ikkje kan fokusere så mykje på han som ho vanlegvis gjør, stod eg i går kveld og steikte frukostpannekaker som storebror skulle få med seg i matboksen sin i dag.
Mannen leverte storebror som førstemann i barnehagen i dag tidleg, ein time før eg vanlegvis leverer. Da er det ekstra godt med ei god matpakke når det er frukost kl.08.30. To pannekaker (delt i to slik at de ikkje skulle rulle sin veg slik som i eventyret om pannekaka), ei brødskive, blåbær og jordbærputer og store cheerios frå Sverige.
Oppskrifta var nok til seks pannekaker, så eg og mannen fikk også to som vi åt til kveldsmat i går. De var gode, men veldig eggete - nesten som tynn omelett.

I morgon skal eg på seminar og innvielse (som de kan lese i A-planen min over her og under oppskrifta). Mannen skal igjen ha bilen, så eg og ungane skal ha nok ein roleg morgon heime før eg spaserer med de opp i barnehagen og vidare til seminaret som er i mitt nærmiljø, og som eg gler meg "sykt mye" til (som storebror ville sagt det)! Også er det helg igjen. Denne veka vart rar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...