mandag 30. september 2013

Klar - ferdig - GÅ!

Ei lita bille skapar stor jubel når den vel å besøke oss på verandaen!
Enkelte veker føler eg at vi er med på eit løp - ein test i planlegging satt i aksjon - frå klokka ringer kl.07:00 på måndags morgon. Dette er eg veldig klar over på søndags kveld, og kjenner at eg må puste litt med magen, og samtidig tenkje kor heldige vi er som har så mykje å gjøre; det gjør jo dagene og vekene våre veldig innholdsrike!
Storebror har sjølvsagt forstørrelsesglass med lys slik at vi verkleg kan studere den nye kameraten!
Denne veka har mannen skuleveke. Det betyr at han er vekke 2 timar lenger kvar dag, og da blir det mindre tid til det vi må ha gjort iløpet av veka. I tillegg må han ha ein lang dag på skulen på torsdag og eg må på jobb heile fredags ettermiddag og kveld - så da er det ikkje mange dagane igjen til det som også bør prioriterast. Som blandt anna min egotrening to kveldar (viktig!), mann og barns fotballtrening (viktig!) og vekeshandling (viktig!). Kjensla av å følgje ein forhåndsopplagt timeplan blir forsterka denne veka med tette møter og fleire arrangement både i og etter arbeidstid.
Forstørrelsesglass er kjekt for voksne også!
Vi har hatt ei finfin helg og vi er klare for veka! Startskotet gjekk for mange timar sidan, og fleire av punktene på timeplanen er alt unnagjort; klapp-på-skulderen!
Takk for besøket!
Vi er utkvilte, det er sol ute, og snart er det ein time med fri på Sats medan ungane og mannen ser barneTV og spiser kveldmat - veka er i gang!

søndag 29. september 2013

Moccamasteren

Lillesøster liker å hjelpe til med å lage kaffe.
Vi er så glade i Nespressoen vår - det har vel komt klart og tydleg fram her. Men vi HAR ei anna kaffemaskin også som vi bruker i helgene (morgonkaffe) og når vi har besøk.
Denne fikk eg i 25-årspresang frå svigers, da i ein anna farge som eg tok meg råd til å bytte ut til fordel for denne i matt grå som kosta ein del meir. Dette er den finaste moccamasteren som er laga synes eg!
Moccamaster er kvalitet! Også er den fin å sjå på :) Det er VIKTIG! Eg og mannen har ein pågåande diskusjon om kaffepulverskei. Han meiner at vi må ta med oss ei slik gratis raud plastskei frå Friele som de har liggande på Rema. Men den er så stygg! Og mannen har ei nydleg sølvskei som han har arva som eg liker så godt å bruke til kaffe. Det blir ikkje korrekt og likt kvar gong - men det er så hyggleg å bruke den skeia framfor ei i plast. Oh store kvardagsutfordringar! Men av og til likar eg at form kjem foran funksjon!

:)

lørdag 28. september 2013

Hue

Dette er mi nye yndlingshue - som eg til og med har strikka sjølv! Eg strikker mest til babyer og barn, da blir eg jo ferdig før eg blir lei. Men hue (og andre småplagg) kan eg jo strikke til voksne også. Denne hua har eg skrikka til meg sjølv.
Den er så fin med spiralmønster - og sjølvsagt digger eg fargen - heilt meg!
Oppskrifta finner du på lillerosinquilt.blogspot.no, og der heiter den "Look a like"lua fra VM i Alpint 2009.

fredag 27. september 2013

Hei sveis!

Etter at gleden ved å ha ei lillesøster med kort hår og pannelugg har lagt seg og det å slippe å krangle på badet kvar moron er blitt ei vane er panneluggen vokst så mykje at den ligger nedi augene hennes. Akkurat på dette biletet hadde ho bedt om å få strikk i håret - tre skulle det vere, og to klemmer. Men når eg spør om ho ville ha noko i dag tidleg sa ho klart og tydleg NEI, men så sa ho ja da eg sa at eg skulle klippe luggen hennes i helga. Så da er det sikkert ikkje eit problem likevel. Håpar eg...

Avspaseringa i går var himmelsk! Det var strålande vær, og over 20 varmegrader i sola hos oss, så kl.09:30 snørte eg på meg joggeskoene for å jogge ein tur i varmen. Men sola var så låg at det meste av runden var i skygge - og der var det sikkert rundt 5 grader. Hausten er her - den er nydleg - men eg trur ikkje at eg skal jogge ute før våren kjem igjen. Med treninga unnagjort rett etter frukost hadde eg god tid til å vaske hus, bad og klær - og ikkje minst sjå TV! Eg gler meg alt til neste avspaseringsdag!

I dag er vi knapt heimom før barnevakten kjem og vi skal til byn på eit arrangement med banken vår. Kjedelig? Kanskje, men det heile blir avslutta med "Christine Hope roer seg kraftig ned" som har fått knallgode kritikkar, gøy! I morgon planleggjer vi fjelltur, og på søndag skal vi på Akvariet. Etter ei roleg helg sist helg er vi klare for ei aktiv helg no:)

torsdag 26. september 2013

Stikkelsbæravling


Eg har fått tre avleggere av ei stikkelsbærbusk av ein kollega. Ei stund stod de i vase på kjøkkenet, men så trudde de at det var blitt haust (noko som jo eigentlig stemmer) og begynte å miste bladene sine - så da var det på tide å flytte de ut.
Ein anna kollega, ein tidlegare annleggsgartner, sa at eg kunne plante de rett i god jord og passe på at de hadde masse vatn. No kjem de til å miste bladene, derfor blir det vanskelig å sjå om de klarer seg, men eg skal i alle fall gjøre eit forsøk. Når frosten kjem skal eg settje de inn i kjellaren og la de stå der over vinteren. Tender love and care med andre ord. Og masse vatn. De står ute fremdeles, det kan de vel gjøre ei stund til; og la oss vere ærlege - vi bur i Bergen. Det er godt med vatn.
Vi har framleis ein god del rips igjen. Slik ser det faktisk ut! Dette er de to buskene som er vanskligst å plukke frå, de andre 7 har vi plukka heilt tomme. Ungane plukker rips kvar dag og seier at det framleis smakar godt.
I dag avspaserer eg. Det betyr hus- og klesvask, trening og TV-titting. (og restekake etter i går;))

onsdag 25. september 2013

Fotballsko og rett utstyr


Far og son - fotballansvarleg(e)
 Storebror har begynt på fotball, og da vart det kjøpt inn skikkelig stilige fotballsko med kunstgrasknottar, leggbeskyttere og Liverpool fotballsokkar. Når det kjem til fotball, både sporten og utstyret, er eg heilt blank - så dette er mannen sitt ansvarsområde. Vi fann gode fotballsko i fjordårets fargar, så de var billige, men den summen forsvan igjen da mannen meinte at det var kulare med Liverpoolsokkar enn vanlege fotballsokkar - oh well - riktig utstyr er halve jobben seier han.
Men eg kan sjå at fotballskoene er knallkule og eg set pris på at de har knytting slik at storebror får øvd seg på å knytte skolisser. Han er alt blitt flink, det tar berre litt tid og blir litt laust. Øvelse gjør mester!
I dag er det fotballtrening nummer tre, men før det skal vi ha familiebesøk med fiskeburgere til middag og Miss Dahls sjokoladekake til dessert, jums!:D

Ps. I dag ser det ut til at eg kjem til å runde 10.000 sidevisninger på denne bloggen - takk til alle som leser :)

tirsdag 24. september 2013

Gode venner

Kveldsmat bak kjøkkenet saman med gode venner.
Barn knytter tidlegare nære vennskapsband enn ein trudde for berre få år sidan. Begge ungane våre har gode venner i barnehagen. Vi er i ein liten barnehage - storebror sin førskulegruppe teljer kun seks unger, alle gutar! Storebror er venn med alle seks, men samtidig har han nokon han leikar meir med enn andre. Fire av desse gutane but i gåavstand frå oss - og i går fulgte vi storebror bort til ein av de - rett på andre sida av gata frå oss. Dette er luksus og eit privilegium i ein by der unger like ofte får barnehageplass i ein anna bydel enn den de sjølve bur i. I går kunne eg stå på verandaen å sjå storebror og kameraten sykle på den rolege vegen foran huset, hoppe på trampolina og le så høgt at heile nabolaget kunne høyre det. Glade barnestemmer ein solrik ettermiddag i september - fantastisk! Også lillesøster har gode venner i nærleiken, så også ho var på vennebesøk i går. Vi har ikkje heilt latt ho vere aleine hos venner enda, men eg trur vi trygt kan ta det steget snart.

Storebror har venner på besøk nesten kvar veke no, jammen meg veks de til. Og dette som føltes så uendelig langt unna da han kom til verda for fem og eit halvt år sidan. No er vi der.

mandag 23. september 2013

Byggingsarbeid bak huset

Fin unge, fin pus og stygg mur.
Naboane var ikkje så treige som eg hadde håpa, så ein dag for nokre veker sidan vart det satt opp ein grusom stygg mur mellom husene våre. Hagen er alt delt mellom oss takket vere ein hekk og eit gjerde - men det har vore fri ferdsel for barn og dyr mellom husene på stien mellom hus og hage. Men ikkje no lenger.
Da eg såg at de satte opp hestesko på toppen av to lag med lecablokker sendte eg mannen ut for å spørje kor høgt de hadde tenkt å bygge. Eg såg for meg eit stort tregjerde på toppen av leca'ene, men thank everything - de skulle berre smelle opp ein planke (kvifor? Gjør det muren finare?) også var de ferdige.
Tre lecablokker vart ikkje brukt, phuu. Tanken bak, frå naboen si side, var å gjerde inn de tre små chiwawa-hundane sine (de gav vekk to, hadde kun ein igjen, og no har de fått tilbake de to - så altså tre) slik at de ikkje skulle gå på vår side av den eigendommen og skremme våre barn. Nu vell - no held de seg på sin side av eigendommen (det var verkleg ikkje noko problem at de gjekk på vår side, men ok) og bjeffar. De har vore ute og bjeffa i timesvis heile helga! Før muren kom var det ikkje ein lyd, da gjekk de berre rundt og sniffa. Puste på sin side er storfornøyd - ho ligger på sin side av muren og ser dumt på de små knottane på andre sida som ikkje klarer å hoppe over. For det klarer nemleg ho.
Det er fint at de ikkje lenger skremmer Puste, men det er mykje lyd i tre små hunder altså! (Og litt lyd i matmor som kjem ut og kjeftar på de) Eg får tru det går seg til.
Imens er Puste veldig fornøyd med tingenes tilstand.
Bortsett frå lydar frå bakhagen har vi hatt ei roleg og god helg. Pappa og baby-leiken til ungane gjorde at mor fikk både baka og jobbe med fotobok frå i sommar, og mannen fikk bygd skoskap (bileter kjem) og demontert trampolina. I dag må eg på butikken å kjøpe vinterdressar til ungane, det er KALDT om morgonen - brr!

søndag 22. september 2013

Plommesylte

Ein kollega hadde med seg masse plommer på jobb - spis opp! Sidan eg er allergisk mot plommer, og ho tydlegvis hadde for mange spurte eg om eg kunne få nok til å koke litt plommesylte. Sjølvsagt - og slik vart kvelden brukt til plommesylting.
Eg fikk 2.5 kg, så eg tok meg tid til å ta ut alle steinane. Det betalar seg sikkert godt i sparte tannlegeregningar seinare.
2.5 kg plommer frå Austevoll, 8 dl sukker og ein pose syltepulver. Kok til plommene er gjennomkokte (ca.15 minutter) og hell på varme og reine glass.
Vi fikk masse syltetøy - og eg har spist det kvar dag sidan. Det er så godt!!

På knekkis med cottage cheese, eller min favoritt - saman med yoghurt naturell - snadder!

lørdag 21. september 2013

Haust i hagen

Rododendroen har begynt å få blomar igjen. Why? Og ser du den lille mauren på bladet til venstre?
Når eg ødelegger noko er min første tanke "Var det nokon som såg meg?" Er svaret nei tenkjer eg "Kan nokon se at det er ødelagt?" Er svaret nei later eg som ingenting - it wasn't me. Så da eg kræsja inn i bilen som hadde parkert bak med den laurdagen i juni tenkte eg "Ånei, eg håper ingen såg meg, men sjå der står mannen og ser rart på meg, ånei her kjem det ein mann springande!" Ok, greit nok, så da må eg stå for handlingane mine. Og her kjem det som gjør at eg ikkje føler meg så snikete likevel. Når eg da har blitt tatt på fersken, eg har ødelagt noko og nokon har sett det tenkjer eg følgande "Skam deg! No må du betale det som det kostar for å få fikse det; og det er TIL PASS ÅT DEG!"

Ein snegl som har klart å unnslippe ungane sin sneglejakt.
Så når forsikringsseleskapet kjem og seier "Åj, var du litt uheldig du? Jamen det skal vi dekke, det går heilt fint. Men neste gong må du betale i alle fall litt." blir eg heilt himmelfallen. Å ha eit god forsikring i ryggen er som å ha rike foreldre som seier "Gje meg kontonummeret du vennen min, så skal pappa fikse dette for deg veit du."
Ja, eg veit at vi betalar for å ha forsikring, men det er det mannen sin utgift - altså noko eg gløymer, og elsker at eg kan nyte godt av :)

Og no har vi bestemt at eg skal begynne å betale forsikringa. Kanskje på sin plass det. Host *harkræsjatogangerdetsistehalveåret* kremt

fredag 20. september 2013

Lyderhorn Opp

Medalje!
Kven er de ekte heltane i motbakkeløp? Er det de som spinger aleine og blir ferdig på nokonogtjueminutter? Eller er det de som har bein på rundt 60 cm og som går tre-fire steg der voksne løper eit? Er de de som trakker så hardt i gjørma at det spruter oppetter alle som står rundt, eller er de de som trakker uti med støvler i størrelse 23 og blir sittande fast med gjørme til oppetter knærna?
Vi er så stolte over de fire ungane som vi hadde med oss på Lyderhorn Opp i regnvær og tåke sist laurdag! Vi brukte to-og-ein-halv time opp, og halvanna ned igjen. Vi var klissvåte og vart fort kalde - men vi gjekk på. Opp skulle vi - storebror nekta å høyre på anna snakk. "Nei, eg skal opp på toppen for å sjå om eg får gullmedalje!" Å sjå den klissvåte guten bøye nakken for å få medalje på toppen, og stjernene i augene hans etterpå (før han begynte å fryse - veldig) var fantastisk! Det er slik vi lager barndomsminner, også i regnvær!:)

Heldigvis var medaljen i gull, ingen hadde fortjent mindre, og veldig flott!:)

torsdag 19. september 2013

Første fotballtrening

Vi er utruleg heldige som får spele på godt kunstgras!
Det lokale idrettslaget inviterte til informasjonskveld om nytt fotballag for de som er fødd i 2008. Vi hadde ikkje moglegheit til å vere på møtet, men meldte vår interesse - og heioghå - veka etter var det tid for første fotballtrening! Storebror var i skyene, og veldig spent! Han har Liverpool-drakt som mannen kjøpte da han var på kamp med de sist haust - den var bænkers, og låg klar i tre dagar før treningsdagen. Vi avtalte med han at han skulle få sko om dette var noko han ville vere med på vidare.
På første trening var både eg og lillesøster med. Lillesøster hadde med seg Hello Kitty-ballen som ho spelte med.
Ho fikk meir fotballtrening ho som styrte sitt eige løp. Ho er opptatt av ball, og i sommar kunne ho sparke rundt på Hello Kitty-ballen sin i lange perioder. Ho er så flink å treffe, sparker ballen langt av gårde, og springer etter. Knallbra trening!
Det var ein stor gjeng på rundt 25 spelarar. Det er positivt at ungane får treffe kvarandre før de skal begynne på skulen saman til neste år. Og det er positivt at foreldrene opprettar kontakt! Det er vel nesten heile grunnen til at vi ville vere med på dette; vi hadde i utgangspunktet tenkt at vi ikkje skulle begynne med fritidsaktiviteter heilt enda.
Eg liker ikkje fotball, men å sjå desse kule ungane springe rundt (ofte utan mål og meining), sparke ballen heilt random, stoppe opp og plukke litt på klærna sine, springe bak mål, forlate bana for å ta seg ein sup vatn/få ein klem av foreldra for så å berre stå i ro med eit fjernt uttrykk i augene medan ballen trillar sakte forbi de - det er god underholdning!:)
I går var det trening nummer to, og denne gongen var det 9 kalde varmegrader og pøsregn. Mannen og storebror trossa været og gjekk på trening medan eg og lillesøster gjorde vekeshandlinga. Det var ein våt og kald gut som kom inn i bilen etter endt trening - men han hadde hatt det så kjekt!! Ein tøffing!

onsdag 18. september 2013

Filosofi frå ein på fem ogeithalvt

"Kva har du drøymt i natt storebror?"
"Eg veit ikkje. Det er kroppen min som drøymer, ikkje eg."
"Men du er vel kroppen din?"
"Nei. Eg er eit menneske."
"Men kroppen og hovudet henger saman; begge delane er laga saman."
"Nei, mennesker er laga av mammaene sine."

Morgonen kan knapt bli betre når dette er ein av de første samtalane ein har :)

Kameratbesøk

Berre det å få maten servert ein annan stad enn heime er jo stas!
I går hadde storebror med seg ein kamerat heim frå barnehagen. Vennen har vore hos oss fleire gongar før, og gjerne på ettermiddagstid slik at han spiser kveldsmat hos oss før han blir henta. Det er tydleg at vi spiser andre ting enn han er vandt med heime, for han er så interessert i måltidene våre!

I går åt han ikkje mindre enn tre store posjoner med heimelage lasagne ("slik lasagne har ikkje vi heime") - og det samtidig som han prata og prata og prata. (Biletet over er ikkje tatt i går. Her hadde det sikkert vore "slik bruker ikkje mamma å servere gulerøttene" Jafs, jafs!) Når han har vore på besøk tidlegare har eg høyrt at han spør storebror "er det mat snart?". Kan vere han er veldig sulten, men eg trur verkleg ikkje det.

Eg hugser sjølv kor spanande det var å spise hos vennane mine. Anna kjøkken, andre fat, andre glass, kanskje ein anna type juice i kjøleskapet, ein anna mamma som smurte på skivene - stas! Det at vi ofte spiser frukostblanding med yoghurt til kveldsmat er tydlegvis litt annleis, her har alle ungane vi har hatt på kveldsmatbesøk blitt litt store i augene - og spist kjempemasse.

Slike ting synes eg er veldig artig!

tirsdag 17. september 2013

Kaluza-matboks

Ungane vart også inspirerte til å lage nistemat!
Da Kaluza-matboksen kom på nærmaste Rimi var eg heldigvis rask og fikk tak i to - få dagar seinare var alle matboksane utsolgt over heile landet. Tidlegare har eg brukt små boksar i matboksen til ungane der eg har lagt "dessert". Det var godt å sleppe boks/lokk/matboks-haugen; og kjekt å ha to ekstra rom til snacks.
Boksen fall i smak umiddelbart - og har vore i bruk kvar dag sidan eg kjøpte de.
Ungane får lunch i barnehagen, så det er kun frukosten eg sender med de. Boksen er samanleggbar, så på biletet over her er den trykt saman - det er ikkje så mykje mat som det ser ut som:) Pga lokket med plass til gaffel kan ikkje boksen vere samantrykt med mat i - da passar rett og slett ikkje lokket over brødskivene. Slik ser oftast matboksane ut. Brødskiver (her har storebror grovt hamburgerbrød med leverpostei i stadenfor), grønsaker og litt frukostblanding. No har eg begynt å gje lillesøster mindre snacks enn storebror sidan eg ser at ho knapt spiser av brødskivene. Ingenting i vegen med å knaske gulerøtter, men skal ho vere god og mett til lunch vil eg at ho skal spise grovare (altså brød) som magen bruker lenger tid på. Sidan ungane går i samme avdeling passar eg på at de har det samme med seg i de to små rommene.
Her har de fått middagsrestar; laks, grønsaker og rømme i det mellomste rommet, og agurksalat i det minste. Dette  var veldig populært, men rømmen gjorde alt veldig grisete. Lokkel er ikkje tett nok rundt kantane; så det vart rømme på alt. No er jo rømme godt på alt også, så det var ingen problem slik sett - men vi sender ikkje med de slik "våt" mat igjen.

Nistematlaging er siste post på dagens program for meg. Når dette er gjort er klokka ofte blitt 20:30 og når alt er klart til morgondagen setter eg meg i sofaen - da er dagen over! I går vart sofaen bytta ut med besøk frå eigaren av bilen eg i søvnmangelrus rygga inn i 15.juni. Vi fylte ut skadeskjema til krampa tok oss, og snart kjem ei rekning på ny støtfanger i posten. DUMME meg som satte bilen i R før eg såg i spegelen! Og dumme han som valgte å parkere rett bak meg når det var tohundre andre ledige parkeringsplassar rundt meg.

mandag 16. september 2013

Heimelaga musli

Smelt smør og honning - på dette tidspunktet tenkjer ein at dette er verkleg ikkje sunt.
3 ss honning og 3 ss smør smeltast i ei gryte på svak varme.
Rør inn 3 dl store havregryn og 1 dl solsikkefrø før du sprer alt utover ei plate med bakepapir. La dette tørke seg i omnen på 120 grader til det er blitt tørt. Hos meg vart det ikkje så tørt, men det vart i alle fall tørrare og uendelig godt!
Fyll oppi ei stor nok glasskrukke med tett lokk. Dette smaker deilig saman med yoghurt naturell!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...