tirsdag 15. oktober 2013

Miss Dahls sjokoladekake

Eg er glad i matlagingsprogram. Av og til hender det at eg skriver ned oppskrifter som eg prøver sjølv. Denne sjokoladekakeoppskrifta kjem frå Miss Dahl, ein engelsk kokk, og barnebarnet til ein av mine favorittforfattarar Roald Dahl (og derfor er ho pittelittegranne norsk om det betyr noko).

Kaka lagde eg til ei 15 år gammal bursdagsjente som elsker sjokoladekaker. Mannen min liker ikkje sjokoladekaker, men denne digga han, og vi har alt bestemt når vi skal bake den neste gong!

Oppskrift:

300 gr. mørk sjokolade
225 gr. brunt sukker

Køyr i hakkemaskina (eg brukte den vi nyttar til smoothie) slik at alt blir ein fin miks. Rør i 6 eggeplommer, 225 gr. smør i små biter (legg i ein og ein og la det blande seg), 1 ts instant coffepulver, 2 ts vaniljeekstrakt (her brukte eg heimelaga vaniljesukker) og litt kokande vatn ( ca.1/2 dl).

Visp de 6 eggekvitene slik at de blir luftige - vend dette forsiktig inn i sjokoladerøra. Hell i rund springform, smurt etter alle kunstens reglar. Steik på 180 grader i 45 minutter. Når kaka er avkjølt lar du den stå i kjøleskapet til neste dag. Det er her den er litt genial - akkurat som blautkake blir den betre dagen etter, og sikkert dagen etter det også, men den vart oppspist med ein gong så det har vi ikkje skjekka ut.

Miss Dahl pynta med creme fraiche og masse friske bær - eg gjekk for ein anna variant. Vår favorittsjokoladekrem!

Glasur (verdens beste):

100 gr smør
100 gr Philadelphia kremost naturell
1 ss mørk kakao
1.5 ss sterk espresso
1 ts vaniljesukker
Melis til passlig konsistens

Ungane pynta og NAM NAM!

Dette innlegget er på sin plass på ein vanleg tysdag midt i oktober. Vatn-i-munnen-innlegg:)

Ha ein strålande tysdag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...