søndag 3. november 2013

Firmahyttetur

Tente lyd og utsikt mot morgonsola som lyser opp nabodalen og sakte men sikkert brer seg mot oss og "vår" hytte.
Mannen har gjennom jobben tilgang på firma"hytte" i Myrkdalen i Voss kommune. For nokre veker sidan avspaserte vi fredagen og køyrte innover for ei lita haustferiehelg på fjellet. Leiligheta var veldig fin med store vindaugsflater ut til fantastiske fjell! Vi var knallheldige med været - det var varmt og godt i haustsola!
Mine foreldre kom køyrande nordfrå for å feriere saman med oss. På laurdagen pakka vi med oss lunch og gjekk oppover mot nokre stølar som låg oppe i fjellsida på motsatt side av der leiligheta låg. Her kom vi oss inn i sola og kom oss opp til 'sjuhundreogeittelleranna' meter over havet. Også der oppe var det godt og varmt. Turen ned igjen gjekk som ein vind - det er så mykje lettare å løpe enn å gå (hjarte-i-halsen)!
Lillesøster slapper av hos mormor etter ein lang fjelltur.

Flotte hytter og leiligheter over alt!

Nydlege haustarfargar! Her var vi i nærleikern av fleire toppar over 1000 moh. Eg har lyst å gå opp på ein slik topp (sjølv om det her blir juks, sidan ein alt er ein god del meter over havet) - og frå desse områdene vil eg tru at begge ungane skulle klart det også. Men det får bli til ein anna gong! Vi hadde i alle fall ei knallhelg med nydleg vær, greie unger og greie besteforeldre. Kan ikkje bli betre; kan det vel?




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...