onsdag 20. november 2013

Sær katt og gode mennesker

Ein kjekkas på besøk hos tante og onkel.
Puste er ein snål katt. Ho blir ikkje mindre sær med åra, og no er ho heile 10 år. Vi har hatt ho sidan ho var 16 veker, vi har kun vore snille og gode med ho (om vi ser vekk frå ein del flåttfjerningar), men likevel er ho redd og sky. Ho var kosete og god i åra til vi fikk unger, men no er ho mest rar.
Titt-titt!
Om sommaren henger ho ved kjøkkendøra og er ofte i nærleiken når ungane er ute i hagen. Ho er sosial og det er tydleg at ho har det veldig bra! Vi skulle sjølvsagt ønske at ho var tryggare med oss og ungane, og at ho ville komme å kose litt. Heldigvis for ho er vi glade i dyr - så ho får lov å vere akkurat som ho er. Også bestikker vi ho med kattesnop for at ho skal komme litt nærmare.
Her er Puste rett utanfor kjøkkendøra vår og får servert snop av lillesøster, min lillebror (i denne samanhengen vart dette litt feil - ein voksen kan det heller stå her. Eller onkel.) og hans tre barn. Alle mennesker akkurat der Puste vil ha de. På innsida av døra. Utan sko på. Og da gjør vi det slik. Slik at ho er så trygg som ho klarer å bli.

Men når vi har gjort dette på hennes premisser i ti år kjenner eg at eg skulle ønske at ting har gått seg til! Det har absolutt blitt betre enn utgangspunktet, ingen tvil, men ein kosepus hadde vore kjekt å ha. Til Puste takkar for seg er det ho vi har og hennes reglar vi følger. Om vinteren er ho meir inne. Ho er ikkje så glad i snø, regn og vind - så da biter ho frykten i seg og kjem inn - sjølv om ungane er vokne. Det er alltid veldig kjekt! Ho er jo så fin! Og vinterkattpels er noko av det mjukaste i verda!  - og heilt flåttfri!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...