søndag 1. desember 2013

Julekalendere

Utgangspunkt for ungane sine julekalendere.
Sidan eg i fjord satt å svetta meg gjennom 48 pakkar med stivt julegåvepapir gjorde eg i år ein liten twist. Forandring på to vesentlege punkt: Få hjelp av mannen og pakk inn med avispapir. Begge deler var stor suksess! Det vart mist like seint på kvelden før vi var ferdig, men det var i alle fall mykje koslegare! Det med å nytte avispapir såg eg på ein blogg, og det er jo både tilgjengeleg, miljøvennleg og lett! Anbafalast! Vi hang opp kalendarane med ein gong, så i dag er dagen endelig her, og ungane kan få opne ein gåve!
Utgangspunkt for mannen sin kalender.
"Jamen herremin da! No ser han jo kva han får!!" Neida, han er aldri inne på bloggen å leser, så dette er ein trygg stad! Eg og mannan gjer kvarandre gåver annankvar dag. I år er det mykje juleøl, salt og søtt, samt ein ekstra kalender og billetter (og barnevakt) slik at vi kan ha oss ein date på Den Nasjonale Scene. Eg tenkjer han blir veldig fornøyd!

Første søndag i advent! I dag baker vi pepperkaker og kakemenn saman med gode venner - ein tradisjon vi har gjort kvart år sidan 2009 - superkosleg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...