tirsdag 30. april 2013

Shopping for eigne midler

I helga var vi på Toys 'r us og lot storebror handle for bursdagspengane sine. Valet var alt falt på denne romraketten frå lego. Storebror gjorde stor lykke i barnehagen vinteren før han vart 4 år da han bygde denne ved hjelp av oppskrifta og fleire hjelparar som hjalp han med å spore opp delane frå to avdelinga. Sidan da har han snakka masse om den og er no SUPERHAPPY eigar av eige byggverk! I dag tidleg da eg skulle ned og vekkje han hadde han alt stått opp, kledd på seg og satt og leika med denne. Veldig kjekk - og da passer det ekstra godt at vi har fri i morgon slik at han kan leike med den heile dagen. Vår jobb blir å holde lillesøster vekke frå rommet hans.

God 1.mai i morgon!

mandag 29. april 2013

Oldemorgåve

Midt i ei runde med omgangssjuke fikk ungane pakke frå oldemor i Ålesund med kvar sine hekla hundar. Hundane vart godt tatt i mot og tatt vare på i sofaen med cheerios og teppe.
Også hadde eg tenkt å lage eit innlegg om hundane slik at oldemor i Ålesund fikk sjå de i bruk - men etter ein liten månad flytta begge hundane ut frå dagleg leik og inn i senga til lillesøster.
Og der ligger de enda - ganske så mange månadane etterpå. Dette biletet er tatt i helga. Eg trur nok ho har adoptert begge, men eg tørr ikkje å spørje storebror om det stemmer - da er eg redd han vil kreve sin tilbake. De har de i alle fall veldig godt i Bergen hos oss :)

søndag 28. april 2013

Heimebaka brød

I går var det sol og deilig å vere ute! I dag har det vore hauststorm - regn, vind og deilig å vere inne:) Vi bakte grovbrød etter frukost, noko som betyr varme brød til lunch. Da er det berre ost som gjelder. Eller heimelaga ripsgele.

No begynner veke ein av tre veker med gratis fridager, det er stas å vere på startstreken av gode vårveker!

fredag 26. april 2013

Kort til bryllup

I søk etter inspirasjon såg eg igjennom boksen med kort frå vårt bryllaup 01.08.09 - så masse flott! Mange gode ord frå familie og venner! Det er verkeleg stas å gifte seg!
Vi hadde små lovehearts til gjestane våre med Just Married på - kjempesøte! Boksen desse kom i oppbevarer bryllupskortene våre.

Eg gjekk for den enkle looken - gull og raude hjarter med glitter (måla med neglelakk - fungerer som berre det!)
Inni skriev eg ord av Åslaug Vaa;

Fyrst når to men’skjer kan sei til kvarandre.
Gå der du vil,
Du er du!
Gjer det du vil,
Eg er eg-

Men eg ser vegen din
Og eg lyder etter fotefari dine
Og eg kjenner din vilje
Strøyme gjenom blodet
I javne, rolege pulsslag-

Fyrst då kan to men’skje eiga kvarandre
.
Dikt av Aslaug Vaa
Dette stod i kortet vårt som vi fikk av den eine av mine to forlovarar - nydlege ord! I går reiste brudeparet på bryllupsreise - det er nesten så ein blir litt missunleg!

I helga skal vi på leikebutikk saman med storebror og bursdagspengane hans. Eg skal ta meg årets første springetur ute i friluft, og på søndag skal vi i bursdagsmiddag til ein 61-årsjubilant. Ei flott helg!:)

torsdag 25. april 2013

Ettertreningmat

Sikkert ikkje nok proteiner og karbohydrater, men veldig godt etter langtrening på sats i kveld:)

onsdag 24. april 2013

Bolletysdag

Mannen og storebror vekeshandler på tysdagar - og sist veke kom tysdagen og vi hadde nesten 4 liter mjølk som var ein dag frå å gå ut (av og til feilbereknar vi mjølkemengde - stort!). Derfor heiv eg meg rundt etter middag og satte dobbel bolledeig til kanelbollar og dobbel deig til horn med appelsinfyll.
Medan gutane var ute å fiksa mat for den neste veka var jentene heime og elta og heva (!), rulla og strødde - slik at gutane kom heim til bolle i omnen og varm gjærbakst til kveldsmat!
Også oppvasken da. Det er den som er verst - så da er det like greit å smelle i gang to doble deigar når ein først er i gang.

tirsdag 23. april 2013

Arvegods - og gull!

Ein kollega av mannen ville kaste denne flotte duploskuta, men HELDIGVIS spurte han om vi ville ha den rett før den havna i søppelspannet! Etter ein kvikk vask vart den raskt adoptert av storebror som bygde den i ein fart og leika masse med den!
Rett før vi fikk denne hadde vi bestilt Playmo sitt sjørøverskip til storebror i femårsgåve - så no har han to skuter. Duploskipet er eigentlig begge to sin, men lillesøster kunne ikkje bry seg mindre. Storebror seier at han leiker mest med Playmobåten som jo er laga for eldre barn og har fleire moglegheiter. Likevel leikar han gjerne kappløp med båtane - og som i dag da ein venn frå barnehagen kom på besøk etter middag - da er det stas å ha to sjørøverskip!

mandag 22. april 2013

Teddy og Eddi


Jepps - vi har kasta inn handkleet. Etter veker med grining og krangling om storebror sin Teddy var vi leie og melda mammaen til bursdagsguten som hadde Teddy i goodiebag'en sin - KVAR HAR DU KJØPT DEN???? "Ikea, men eg har fleire liggande. Skal eg ta med i barnehagen i morgon?"

"JAAAAA!! TUSEN TAKK!!!!!!"

Så da fikk vi ein til. Som heiter Eddi. Og ja - de er framleis like populære. Makan.

fredag 19. april 2013

Sjukdom. Igjen.

Venninnegåve til meg i posten i går - kjempekoselig!
Det gjekk som det måtte gå. Først lillesøster med feber både måndag og tysdags ettermiddag. Barnehagen ringte på onsdag da storebror hadde fått feber. I går torsdag var eg heime med han som etter 14 (!) timars søvn vokna og var fin og frisk. Da var det min tur. Alle har hatt 38.6 - litt merkleg. I dag er begge ungane i barnehagen medan eg er heime. Feberen er nesten vekke, men det er godt det er helg.

I morgon skal mannen og ungane på leikeland med søskenbarn og tanter medan eg skal vere heime og vaske hus i fred og ro. På søndag skal eg jobbe og det var den helga :)

onsdag 17. april 2013

Hauststorm!

I går kveld knaka det i husveggen heile kvelden. Like greit for oss sidan trampolina alt trilla ned og kræsja i veggen til naboen alt på søndag. No er den kilt fast mellom huset vårt og muren opp til hagen. Der står den godt medan været herjar.

Det er så lenge sidan det har regna i Bergen at lillesøster vart levert utan støvler i barnehagen i dag (de vi hadde heime var i str.22 - og de nye joggeskoene hennes er str.25!). Sjølv har eg kjøpt med ny og fin regnkåpe i helga - så bring it on! Eller - bli gjerne ferdig sånn på førmiddagen. Eg skal på møte i kveld og har bestemt meg for å sykle dit. Dette er eit møte med mennesker som eg gjerne vil at skal gjøre ein heil del jobb for meg slik at eg kan gjøre min jobb - da er det sikkert ok at eg ikkje ser ut som ein drukna katt (eller ein friskus?).

tirsdag 16. april 2013

Rakettsjukdom

Natt til i går lærte vi at vi ikkje lenger kan drikke smoothie til kveldsmat. No som lillesøster har slutta med bleier på natta utfordrer vi sjebnen når vi lar ho drikke eit stort glass rett før sengetid. Tissing og urolegheiter førte til (?) varm og sutrete jente måndags morgon. Det var ingen feber på termometeret, så eg leverte ho i barnehagen - full av dårleg samvittighet. I går sovna ho på sofaen i det samme ho kom heim og åt lite. Da vi la ho ein time før vanleg hadde ho 39.4 i feber, så eg avlyste møter og varsla sjefen om at eg måtte bli heime i dag.
Lillesøster sitt rom - fult av besøk i påska.
Men kven vokna i dag med sprett i beina og fant i augene? Jo det var lillesøster det! Men da hadde eg alt latt klokka gå slik at ho kunne vokne av seg sjølv - og da hadde vi 20 minutter på å kle på oss og vere i barnehagen før frukosten begynnte kl.08.30. Og da har vi ikkje tid til å la lillesøster gjøre ALT sjølv. Derfor leverte eg igjen ei grinete jente på avdelinga i dag (også lurer eg på om ho kanskje var bitte litte granne varm i panna - feber eller trass?).

Storebror på den andre sida viste STOR evne til å omstille seg da vi gjekk frå" pappa skal hente deg og levere deg i barnehagen", til "du skal få spise frukost her heime før pappa kjem og hentar deg", til "ok, lillesøster er frisk - vi suser av gårde til barnehagen", til at når vi kom i barnehagen og han ikkje fikk leike før frukost slik han bruker; satte han seg ved bordet og var nesten ferdig å spise da eg kom snikandes for ein liten klem etter å ha rive meg laus frå ei hylande lillesøster på avdelinga på andre sida av gangen.



 
Pust. Dagen er i gang.

mandag 15. april 2013

Strikka bunad!

Eg har ei tante som er utruleg flink å strikke! Ho har strikka bunadar til begge barna våre sidan de var dåpsbarn. For ein litan månad sidan kom ein ny pakke i posten frå Ålesund med større størelser av flotte bunadar - klare for dåp og 17 mai!
Lillesøster sin kåpe frå den forige bunaden passar framleis - så vi bruker den til den nye også.
Her er vi i kyrkja etter dåpen. De serverte saft og kjeks; noko som var veldig populært!
Også ei lita prinsesse på kyrkjetrappa:)

Storebror fikk også ein flott bunad med rutete jakke og hatt - men eg hadde ingen anonyme bileter av han. Eg veit du er innom bloggen tante- så TUSEN TAKK igjen - også skal eg sende bileter på mail til deg :)

fredag 12. april 2013

Søskenbarn

Lillesøster synes det var så stas å møte den lille fetteren sin igjen sist helg! "Jeg vil kose babyen!" Ho ville sittje og holde, stryke, susse og berre vere god. Og det var rasandes festleg at han ville putte alt i munnen "Hon spisar den!" (Alt er "hon" - altså bergensk for "ho")
Det er herleg med baby! Samtidig er det herleg å vere ferdig med babytida. Sjølv om det er halvanna år sidan vi hadde vokenetter utan sjukdom er eg framleis glad kvar morgon eg vokner og har sove i eitt.

I helga skal mine foreldre komme til byn for i morgon skal eg og mannen i bryllaup. Vi snakker kaker, dansing i timesvis og HOTELLOVERNATTING! Eg har kjøpt nye sko som i følge den unge dama på skobutikken var flotte å danse i - her skal det rockast!

Ha ei god helg du også :)

torsdag 11. april 2013

Prinsesser på vent

Vi har ofte pianokrakken ståande ved vindauget på soverommet vårt. Når vi skal ha besøk står ungane der og ser etter bilen og ventar.
Her står lillesøster å ventar saman med to av kusinene sine - tre fine prinsesser!

onsdag 10. april 2013

Huset du elsket

Eg er så glad i huset vårt! Da eg gjekk inn i det for første gong på visning vinteren 2009 kjente eg meg heime alt i yttergangen. Huset er på ein måte vennleg :)
Vi har ein stor veranda som gjer at på sommarstid har vi dobbelt så stor stue. Dette ser eg når eg sitter på ein tørr liten stol (vi har ikkje fått ut verandamøblane enda) og leser bok i solskinnet. Vi er utruleg heldige som har ein så usjenert veranda i eit så tett befolka område. Flaggstanga er vår, og bak den skogkledde haugen ser vi toppen av Lyderhorn - det flottaste av Bergen sine 7 fjell (sånn subjektivt sett:)).
Denne boka las eg i påska. Kort nok til at eg rakk å lese den på få dagar (bibliotekbøker må helst vere korte sidan eg må rekkje å lese de ut før innleveringsfristen), men stemningsfull og fin.

Vi synes tomta er for stor (1.5 mål) til at vi klarer å gjøre den til noko anna enn ei naturtomt, og vi skulle ønske vi hadde eit soverom til - eit gjesterom/kontor. Også er huset vårt ein del av ein tomannsbolig. Men den store tomta gjør at ungane har masse leikeplass på sommaren og fleire akebakkar om vinteren. Og vi har tre rom i kjellaren som vi kan pusse opp til å bli noko anna enn bod/vaskerom/verkstad. Og naboane høyrer vi ingenting til. I år har vi alt putta ein del pengar i huset fpr å gjøre det sikkert (brann- og snart radontiltak), og vi skal pusse opp badet etter sommaren. Boligprisane i Bergen blir høgare og høgare - og vår bydel er den som er mest populær - og vår boligtype den som blir solgt først. Det er nok leiligheter; no vil folk ha rekkjehus eller tomannsboliger med plass. Vi tenkjer at vi ikkje kjem til å bu her de neste 20 åra, men kanskje vi kjem til å gjøre det likevel? Eller kjem vi til å selgje, og kjøpe einebolig med mindre hage og eit soverom til?

Uansett - enn så lenge er vi veldig lykklege der vi er! Og meir lykklege blir vi om nokon månader når de store ripsbuskene våre bugner av modne rips - mmm :D 

tirsdag 9. april 2013

Tidskapsel - pursestyle

I går rydda eg vekk mine to brudekjoler frå skapet (ja to - det er ei litt lang historie som mest av alt handler om impulskjøp), og under de fann eg denne HARRY veska. Som eg heilt tydleg brukte våren 2009 sidan det låg ei bussrute der som varte til 1. august 2009.
Og der fann eg penger! Eg tenkte eg ville bruke de til bær (tar heilt av!), mannen foreslo to øl - men så snakka vi om å heller bruke det på flakslodd. Og i dag såg eg på facebook at ein venn har vunnet kr.1.000,- på skrapelodd - det MÅ JO VERE EIT TEIKN!

mandag 8. april 2013

Dåp og helgetur og smukkesluttoppdatering

Mine foreldre har flytta to gonger sidan de solgte barndomsheimen min/vår for rundt 7 år sidan. Men heim er heim, og derfor har vi vore "heime i Florø" i helga for å feire dåpen til yngsteguten i familien vår!
Jada - vi har hatt sol (og snø og regn) - men desse bileta er frå i fjord sommar.
Dåpen var flott, og eg og mannen fikk kjenne korleis det var å ha "store" unger. Storebror leika med ei togbane og lillesøster fann to jenter som ho hang saman med. Da kunne vi sittje og slappe av og ja...slappe av. Det var supert! Deilig mat og mykje gode kaker er heller ikkje feil:)
I dag, måndag, avspaserte vi og tok oss god tid heim til Bergen. Lillesøster synes framleis at smukkeslutt er vanskelig; noko som har ført til masse grining på felles soverom i helga. Eg tviler på at det blir mindre grining no, men det er i alle fall "lettare" når ho er på eige rom. Ho har verkeleg blitt sutrete etter at ho gav smukkane til fiskane i påska. Eg trur vi rett og slett har provosert fram ei trassperiode på heile greiene. Sukk og stønn og stakkars oss ho.

fredag 5. april 2013

torsdag 4. april 2013

Arbeidsteikning

Du ser kva det er?
Storebror er ømfintelig for lys om morgonen. Det gjer seg utslag i at han vokner idet sola treffer husveggen vår rundt 06.14. No har vi har strålandes sol i Bergen de siste FEM ÅRA (det føles i alle fall slik : D) - så vi har gjort nokre tiltak.

Tiltak ein vart planlagt med ei flott arbeidsteikning som storebror laga sist måndag da han var heime med febersjuk lillesøster (og pappaen). Arbeidsteikninga var hans eigen ide sidan faren ikkje skjønte heilt kva han meinte. For å hindre lyset i å komme inn på rommet hans ville han henge opp eit ekstra tøystykke over gardinene med spiker (du ser to spiker på kvar side oppe på teikninga). Når den hang tett til veggen ville ikkje lyset glippe oppover. For at dette skulle henge saman med gardinene måtte vi lage ein heil haug knappar slik at vi kunne kneppe de saman. Gardinene måtte henge tett saman - også kunne vi tape de fast til veggen på undersida slik at lyset ikkje kunne sive inn der heller. Smart!

Dette har vi gjort - om enn på ein litt enklare måte. Gardinene er lystette og han har persienner, men likevel var det behov for

Tiltak to er å byggje ei hule i senga ved hjelp av puter, bamser og bøker. Det har eg ikkje bilete av, men han har lagt ei stor pute oppå sengekanten over puta si slik at han ligger i ei sprekk mellom desse to. I dag tidleg spurte eg han om han ikkje synes det var vanskelig å puste inni sprekken. "Nei, eg synes ikkje det. Men eg har prøvd andre løysningar også. Men så synes eg at dette var den beste måten å gjøre det på. Men HEILT mørkt blir det ikkje."

Han fasinerer meg. Og gjør meg så stolt!!!

onsdag 3. april 2013

Barnebursdag 5 år

 De siste vekene vart det klart - han ville ha prinsekake! Eg laga prinsessekake til lillesøster da ho vart eitt år - og laga no den blå versjonen av den kaka.
 Partybags - litt snop, ballong, blyant og piratviskelær.
 Og her er det ferdige resultatet (og det er LOV å le - vi lo MASSE!). Kaka er ikkje så skeiv som den ser ut; det er kun tårnene som står skeivt på. Sjølve kaka er laga av sukkerbrød i langpanne som eg så skar ut i tre sirkler. Kaka er fylt med krem og masse bær - knallgod! Tårna er enkelt og greit rullekake frå butikken med marsipan rundt. Det var tårna som var populære - men ungane åt kun kjeksen på toppen:)
 Ballongoppblåsing på laurdags morgon - innimellom morgonkaffeen - gjestane skulle komme kl.12.
 Bursdagshattar, Biler-serviettar, fløyter (viser ikkje) og drinkpynt på glassene (frå Søstrene Grene).
 Bursgdagsbarnet hadde bestemt at vi skulle servere pannekaker, så da var det bra at eg har to steikepanner!
 Det er alltid veldig lenge å vente på at gjestane skal komme!
Festen var bra, bursdagsguten var fornøyd og sliten. Og eg hadde gløymt at eg hadde gøymt ymse oppvask i komfyren rett før gjestane kom. Oh well ... play hard - work hard!

tirsdag 2. april 2013

Kvardag og sjukdom

I fjord var det omgangssjuka som var seinvinterens signatursjukdom. I år er det influensa. Etter å ha kjent på den nokre dagar, vart eg sjuk IGJEN på søndag - så i dag er eg heime aleine og prøver å komme meg. Denne flotte påskekyllingen (temaskifte:)) kom storebror med heim frå barnehagen før påske. Da vi fann fram kassen med påskepynt såg vi at han hadde laga ein heilt lik i fjord, men utan fjæra. Eg synes de er kjempesøte!
Vi har hatt ei fantastisk påske! Etter Akvariet-tur på onsdag, fjelltur på torsdag og skogstur på fredag var vi heime på laurdag. Eg var blitt sjuk nok til at eg med god samvittighet kunne ligge i solveggen på verandaen og lese medan storebror og mannen satte opp trampolina i hagen og lillesøster pusla rundt med alt og ingenting. På søndag og måndag hadde vi middagsbesøk; det var veldig kjekt! Storebror fikk lego av begge besøkene - no trur eg han må ha alt som finnast av det som ikkje er enormt stort og kostar deretter! Faktisk har vi feira dagen hans seks gongar alt!
Mannen leverte i barnehagen i dag - og det hadde heldigvis gått bra. Lillesøster saknar framleis smukken sin; i går kveld var ho voken i ein times tid; heilt utrøystleg! Eg var redd ho kom til å vere veldig trøtt i dag, men ho hadde vore så stolt og fortalt de i barenehagen at "fiskane fikk tutte min". Storebror har testa grenser i påska, no som han er i barnehagen med vennane sine igjen håpar eg at han viser fram sin rampete side til nokon som synes det er gøyt.

Så her er vi no. Eg har tre og ein halv time igjen til alle kjem heim - eg skal spise den siste cupcakes'en frå komle og cupcakes-besøket i går og sjå gamle TV-seriar medan eg kjenner på kjensla av at eg kanskje snart er frisk nok. I morgon er det fysioterapi (kanskje den siste?), museumsbesøk med jobben, foreldresamtale i barnehagen, svigermorbesøk, også skal storebror i bursdagsfest 17-19. Med ein slik dag lina opp er det ok å vere frisk:)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...