Eg er 110 sider uti Den afrikanske farm av Karen Blixen. Eit nydleg verk som drar meg inn i støvete varme og kvardagsliv på kaffeplantasjen i Kenya. Språket er levande og historiane er krydra med livsfilosofi. Etter å ha lest ein tredjedel av boka har eg alt fleire favorittdelar - eg kan ikkje anna enn å anbefale den på det sterkaste!
"Jeg hadde en farm i Afrika ved foten av fjellet Ngong"
Frå ei oppvarma stue, i mjuk stol og med ullteppe. Snø og iskulde utanfor. Men inni meg er eg i Afrika. Eg googla Ngong-fjellene da eg begynte å lese slik at eg hadde ein scenografi for historiane. Nydleg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!