onsdag 8. januar 2014

Jul og nyttår 2013

Ein liten oppsummering på årets jule - og nyttårsfeiring er på sin plass. Juleferien vart litt mindre innholdsrik enn vi hadde planlagt, men slik vart det denne gongen. Vi hadde heile 16 dagar fri!
På bitte-bitte-lille julafta pynta vi treet. Vi kjøpte plasttre på romjulssalg i 2009 til vår første jul i eigen heim 2010. Vi er veldig fornøyde med treet, men siklar no litt på de trea som har monterte lys.
Julenissen kom natt til julafta og la masse gåver under treet. Han la også igjen ei gåve til kvart barn ved omnen, og hadde i sin hast gløymt å lukke igjen omndøra!! Det var lenge for storebror å vente på at kvelden og gåveopninga skulle begynne! "Det er slikt en får grå hår av" som de seier i Barna fra Bakkebygrenda!
Etter tur i kyrkja og middag var det ENDELIG opning av gåver! Begge ungane fikk masse fint! Både leiker og klær! Lillesøster fikk nokre kjoler, og bytta outfit to gongar ettersom ho opna de opp! I etterkant har ho snakka mest om det store akebrettet som ho fikk av oss. Storebror har snakka mest om legohusene han fikk. Legohusene vart bygd alt første juledag, medan vi enda ventar på snø slik at lillesøster kan få prøve akebrettet sitt!

Så gjekk det ei heil veke medan eg var sjuk og knapt nok eit bilete vart tatt. Men så kom nyttårsafta!
Etter planen skulle vi til Kongsberg og feire nyttårsafta saman med tre andre familier der. Sidan eg var sjuk heile jula, og vart sjukare jo meir vi nærma oss avreisedato, avlyste vi turen. Lillesøster hadde også vore småsjuk, og storebror var sjuk i dagane rundt nyttår også, så det var kanskje like greit. Men veldig dumt og uheldig!
Nyttårsafta vart derfor feira stille og roleg heime i Bergen med pinnekjøttmiddag, litt rakettar, nyttårsbukkar på døra og NRK på TV fram til midnatt. Ei heilt ok feiring, men ikkje heilt som vi hadde sett fram til.
Midnatt var også forlovelsestidspunktet vårt, da har vi vore forlova i seks år!
Kosleg julevindaug å stua. Lys hos alle naboane, og mykje fyrverkeri utover heile kvelden med mange flotte rakettar ved midnatt!
Vi står midt i hjartet av mange som skyter opp masse flott, så midnatt på verandaen på nyttårsafta er stemningsfult!

Vi har alt sett på jula 2014 og ser at vi får ei like lang jule- og nyttårsfeiring da. Så vi satsar på nytt og håpar at kanskje jula 2014 er den jula vi er friske :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...