fredag 17. januar 2014

Malepenslar

Ofte koker det i livet - ikkje på ein dum og slitsom måte - men på ein måte som får ein til å innimellom tenkje at det er utruleg kor mykje ulikt eit døgn kan inneholde.

I går var eg på seminar med nokon av de flottaste kulturpersonlegheitane og de øverste kunst - og kultursjefane i Bergen. Eg vart så enormt inspirert av mange av de; mellom anna festspeldirektør Anders Beyer (som alltid er ein fest å høyre på), av kunstnerisk leiar ved Transiteateret Tore Vagn Lid (ein av mine største inspirasjonskjelder - eg ser (nesten) på hans meiningar om teater som fasit) og forfatter Pedro Carmona Alvarez (han har eg ikkje høyrt på før, men håper eg får gjøre det igjen. I mellomtida skal eg lese nokon av bøkene hans.) Dette vart også mitt første møte med Karen Hindsbo som er nyansatt som sjef på KODE her i Bergen. Eg er spent på vegen ho vel å ta kunstmusea!

Vel heime var det matlaging; og lillesøster hadde med seg ei lita venninne heim frå barnehagen - kjempekoselig! Eg gjekk på styrketrening og fikk ein mental pause før kveldsKAOS og tidleg kveld med Den afrikanske farm som sengelektyre.

Kva pensel vil eg male med i dag?
Lillesøster kom, noko som er blitt heilt vanleg, opp i senga vår mellom kl.01:00 og 02:00. Da tar eg med meg dyne og pute og sover resten av natta på sofaen. Det hjelper ikkje med 200x220 seng når besøk av lillesøster betyr at mannen blir liggande på ryggen. Og dei fleste veit vel kva som skjer da. Eg har funne ut at alle sover best når eg forsvinner :) Vi har snakka om at vi skal leggje ei madrass ved senga vår som lillesøster kan ligge på. Kanskje vi skal prøve det i helga. Sofaen er god å sove på den altså. Men senga er betre.

Og vips var det ny dag igjen :) :)

Eg anbefalar foresten å lese dette innlegget som Tore Vagn Lid hadde under Kulturrådets årskoferanse tidlegare i vinter. Eg var så heldig at eg var med på konferansen, og Vagn Lid hausta som vanleg lang trampeklapp for innlegget som kom i kjølevatnet av nytt kulturbudsjett. Ikkje det at lang applaus seier at det som ein applauderar er toppen; men i denne samanhengen var det nettopp det det var.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...