lørdag 11. januar 2014

Skrivetrening

Før jul var heile familien invitert i bursdagsfeiring til ein av lillesøster sine kamerater frå barnehagen. Vi kjenner familien godt, så det var veldig kjekt å bli invitert alle saman - men lillesøster hadde eit eigeforhold til bursdagsguten :) Vi pakka inn plastelina til han, og lagde eit fint kort. Som du ser på biletet skreiv lillesøster navnet hans på konvolutten. Ho skriver ofte, både sitt eige navn og andre sitt. Storebror skriver han også, men han skriver korrekt etter vegleiing frå oss. Lillesøster skriver slike bokstaver som du ser på konvolutten og ber ikkje om hjelp.

Eg digger initiativet hennes og synas ho har ei veldig fin handskrift!

Du ser at det står Erik der gjør du ikkje?

:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...