søndag 5. januar 2014

Sweet n' low

Da eg budde i USA brukte mor i huset (mor til de tre barna eg var aupair for) å koke kaffe om morgonen som ho hadde med seg i bilen og drakk på veg til jobb i Philadelphia. I koppen hadde ho alltid ein pose Sweet'n low - søtningsmiddel. Eg liker ikkje søtningsmiddel verken i kaffe eller te (dette med unntak av kaffien vi drakk i søramerika - søt og veldig god!), men den lille, rosa posen minna meg veldig om Kathy! Denne posen som er på biletet er eg usikker på kvar kjem frå. Det KAN hende den kjem frå da eg var i USA igjen i 2006, men eg veit ikkje. Den har i alle fall ligge saman med andre sukettposar som eg har til besøk. I haust var familien frå USA på besøk, og Kathy spurte etter noko søtt å ha i kaffien sin. Eg henta skåla der beriblandt denne eine rosa posen låg. Eg såg det etter at eg hadde satt den fram å tenkte at "huff, nei, no tar ho sikkert den posen som eg har spart på så lenge. Posen som minna meg om ho og som eg har tenkt å drikke ein kveld saman med te og mimring om 2001." Det hadde vore litt typisk. At eg sparte på noko så lenge at den det minna meg om ender opp med å bruke det. Men HELDIGVIS så tok ho ikkje den! Før jul drakk eg derfor ein kopp te med Sweet n'low i saman med to Hersheykisses frå delstaten Pennsylvania som eg budde i.
Sånn. Da var det minnet oppbrukt. Derfor er det litt hyggleg å ha det her på bloggen. No skal Norwegian starte direkteruter Bergen-New York, så kanskje det ikkje er så lenge før eg kan skaffe meg ein slik pose igjen?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...