fredag 28. februar 2014

Aleinehelg

I går pakka mann og barn koffertane sine, og i skrivande stund er de i full fart på veg opp til sogn for besøke ungane sin tante og onkel, og mannen sin lillesøster og svoger. Eg skal vere heime aleine heile helga - for første gong på to heile år! Det å vere aleine er luksus, men de siste månadane har eg vore så mykje sjuk at eg meir enn nok har fått tilfredsstilt behovet for aleinetid. Eg hadde nok gleda meg meir til denne helga om eg hadde hatt to månadar med kvardagar bak meg.

Eg har tatt opp tre romkom (romantiske komediar) som eg skal sjå. Eg har handla inn egomat, og begynt på ei kosleg bok (eg blir gjerne mørkeredd når eg er aleine, så det er viktig at eg tullar meg sjølv inn i rosa skyer). Men eg skal ikkje berre liggje å vekselsvis sjå TV og lese; eg skal male. Innedørene våre er typiske dører anno 1968, og ikkje standard - så vi kan ikkje bytte de ut utan å måtte skifte karmar også. Eg skal male tre soveromsdører, og døra som går bak til kjellaren. 4i1 supermaling, to strøk og ferdig arbeid. Nye dørklinker er også kjøpt inn - dette blir bra! Vaske hus, vaske og brette klær og berre vere aleine.

Ungane skal på badeland i ettermiddag, på hyttetur på fjellet i morgon, og sjølvsagt vere med i fjøset. Det er ikkje vanskelig å skjønne kven som kjem til å ha ei best helg! Men stille og ryddig skal eg i alle fall ha det :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...