torsdag 20. mars 2014

Hurra for Ibsen!

Muffins og blomar - hipp hurra!
I dag fyller Henrik Ibsen 186 år - og det jublast!! Du held deg knakandes bra - kjære, flinke, reflekterte mann!
Mitt STØRSTE Ibsenaugeblikk hadde eg for nokre månadar sidan. Eg hadde nett komt meg etter at Hedvig skaut seg sjølv i Vildanden, etter at Ellida drukner i Fruen Fra Havet, og etter at Nora gjekk ut døra. Etter at Osvald stille seier "Gi meg solen mor" i Gjengangere. Vi veit at det kjem, men likevel knuser det hjartet når det skjer.

Så var eg så heldig at eg fikk oppleve ein av våre store Ibsentolkere; Toralv Maurstad spele ein av sine yndlingsscener frå Peer Gynt, Mor Åses Død.

Ein mann, ein stol og to roller. Heilt fantastisk! Mot slutten satt heile salen og hiksta av gråt. Ein kan godt vere tøff ei god stund, men med ein slik skodespelar foran deg vil det før eller sidan renne over.

Ja,var det ikke det jeg vidste?
Nu blev der em anden dans

(angst)

Hvorfor ser du, om øjet skulde briste?
Moer! Er du fra samling og sans-!

(går op til hovedgærdet)

DU skal ikke likke og glane!-
Snak, moer; det er mig, din gut!

(føler varsomt på hendes pande og hænder; derpå kaster han snoren bort på stolen pg siger dempet:)

JA så! - Du kan hvile dig, Grane;
for ret nu er rejsen slut.

(lukker hendes øjne og bøjer sig over hende.)

Hav tak for alle dine dage,
for bank og for barne-bys!-
Men nu får du takke tilbage-

(trykker kinden mod hendes mund)

Se så, det var tak for skyds.

Akt 3, Scene 4

Så gratulerer med dagen Henrik! Du er i aller høgaste grad i live i dag! La meg avslutte med eit av mine yndlingssitater som eg siterer Ibsen på rett som det er: 

Tar De livsløgnen fra et gennemsnitsmenneske,
så tar De lykken fra ham med det samme.
(Doktor Relling, Vildanden, 5. akt)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...