søndag 16. mars 2014

Kunstnerisk periode

Storebror er inne i ei ny kunstnerisk periode. Han har vore innom AngryBirds spelebrett-periode, SuperMario-periode, skattekart-periode, veg-periode, og no er han inne i ein hus-periode. Teikningar av denne typen blir produsert kvar dag i barnehagen! Dette er kun ein versjon, og etterkvart som dagane og vekene har gått utviklar innholdet i teikningane seg kraftig.

Det som alltid er likt er at det er eit hus med pipe, strand, flytebrygge og båt - og storebror og lillesøster som bur saman i huset. Storebror elsker lillesøstra si, så når de blir store vil han at de skal bu saman ("Eg vil ikkje gifte meg med nokon eg ikkje kjenner" seier han). På denne teikninga, som er den mest dramatiske så langt, fortel storebror at det er ein stor kjempe på veg mot huset deires. Det er den orange saken som er i himmelen. Storebror springer først (til høgre) og er veldig glad med eit stort smil fordi han har pakka ein sekk med viktige ting no som de må rømme frå huset sitt. Lillesøster (til venstre) griner - ser du tårene? - fordi ho ikkje veit korleis de skal få med seg båten sin.

Tidlagare har han teikna at de badar, fiskar, leikar eller berre står der. Alltid med store og glade smil :) Til no har vi rundt ti versjonar av dette scenariet, og eg tar godt vare på alle med forklaring bakpå om kva vi ser. Gøy!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...