torsdag 6. mars 2014

La meg synge deg stille sanger

Da eg var heime aleine i helga og malte dører og lister; rydda og vaska, høyrte eg denne lydboka "La meg syne deg stille sanger" frå 2005. Eg har sett coveret fleire gonger, lest om den og lurt på om eg skulle lese den, men så har det forsvunnet frå meg igjen. Derfor vart eg glad da eg "gjennoppdaga" den på biblioteket før helga. Vond og sår handling, som innimellom fikk meg til å tenkje "Dette er berre ei bok, det har ikkje hendt - det har ikkje hendt" slik at minnene som vart fortalte ikkje skulle få meg til å miste trua på menneska. Sidan eg høyrte på den medan eg malte gjekk tankane mine rett tilbake til handlinga da eg stod på måndags kveld og reiv av maskeringstape rundt dørene og listene. Den hengjer litt i de nymåla flatene no medan historia står ganske klart for meg.

Ei god bok - absolutt verdt å lese! *snufs

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...