torsdag 13. mars 2014

Malte dører

Dørene i huset vårt er frå 1968. Da vi pussa opp badet sommaren 2013 fikk vi laga nye karmar der slik at ei ny dør passa inn. Skulle vi ha kvite dører i resten av huset måtte vi ha bytta karmer der også, så vi gjorde den enkle løysinga - male. Heldigvis var listene rundt og karmen alt kvit.
I følge dama på butikken skulle det holde med to strøk - men det var framleis litt skjoldete etter to strøk, så eg malte eit tredje strøk også. No ser det (nesten) ut som om dørene er skikkelig kvite. Her er døra inn til badet, og døra inn til vårt soverom.
Nede i kjellaren går det fire dører inn i hallen. Ei dør vart mala sommaren 2010 da mannen malte veggane kvite - før var de 70-tallsguleorange. Her er døra bak til bakkjellaren og døra inn til storebror sitt soverom.

Slik vart det etterpå - ein stor forandring! Vi skifta sjølvsagt også ut de stygge dørklinkene slik at vi no har de i børsta stål. Ein dum bieffekt av maling er at plutselig ser de andre fargane litt meir knæsj ut - her i hallen er det de mulifarga flisene som ikkje akkurat vart vakre med masse kvitt rundt seg. Men de er absolutt praktiske, så de får berre vere stygge. Det er greit med raske og billige ting vi kan gjøre sjølve slik at huset blir meir og meir vår smak :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...