fredag 28. mars 2014

Spent!

To minutter før klokka ringte i dag kom storebror tuslande inn på soverommet.

- Mamma? Det er jo lang på dag!
- Nei, klokka har ikkje ringt enda.
- Men det er jo lyst ute!
- Det er fordi det er vår!

Det er spanande å vokne den dagen det skal vere bursdagsfeiring i barnehagen. Den tredje eldste av alle ungane; og klar som eit egg! Alt før eg hadde kledd på meg hadde han vore på do, vaska seg, kledd på seg OG vekt lillesøster! Det veit eg å sette pris på ! :)

I går spidda eg frukt og bær på spyd som avdelinga i barnehagen skal kose seg med i dag. Det norske flagget var oppe da vi kom i barnehagen, og den eine ansatte på avdelinga kjente nesten ikkje igjen storebror "for du har jo vokst SÅ MASSE i natt!" til storebror sin store begeistring! Lillesøster dansa rundt han og klemte og klemte på han, stolt som berre det! Det er så kjekt å vere midtpunkt! Den eine kameraten hans hadde laga ei flott teikning til storebror i går der han hadde skrive: "Jeg liker deg veldig mye. Håper du får en fin bursdag." Mammahjartet sprekker av glede!

I ettermiddag baker vi kake og lager gele. Fyller godteposer og gleder oss til den ekte bursdagen i morgon!

Tenk - for seks år sidan viste eg ikkje at eg berre om ein dag skulle bli mamma for første gong. For seks år sidan i dag avtalte eg og mannen at vi skulle sove lenge neste dag, som var ein laurdag, også ta oss ein tur på butikken. Men slik vart det ikkje. Og seks år seinare er vi her :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...