søndag 27. april 2014

3-fjellstur

2.påskedag pakka vi ein stor sekk med god turmat og tok turen ut og opp på fjellet. Lillesøster hadde ikkje sove så godt på natta, så den lange turen vi hadde planlagt vart mentalt kraftig nedkutta. Vi parkerte ved Mulen og gjekk opp i Fjellveien og bort til Stoltzekleiven. Vi gjekk Stoltzen i fjor, og da gjekk lillesøster halve vegen opp de rundt 800 trappetrinnene som er mellom Fjellveien og Sandviksfjellet (417 moh) før ho ville sitte i bæremeis. Dette var første gong ho skulle gå sjølv.
Etter ein ganske så sutrete tur med litt knall og fall kom vi på toppen; og vi var langt ifrå de einaste! Denne dagen vart det satt rekord i Stoltzen, der kommunen har satt opp eit tellesystem på toppen. Over 3000 mennesker gjekk opp denne dagen, det var kø oppover heile tida! Eg og storebror fikk opp pulsen de siste 100 trappetrinnene, og kom før lillesøster og mannen opp på toppen. Da stod vi å klappa og ropte "HEIA, HEIA!" når lillesøster kom. Ho skein opp som ei sol da ho høyre oss og småsprang de siste meterene; mestringsfølelse de lux!




Nydleg utsikt søraust mot Bergen sentrum. Kvar dag heile sommaren er det dagleg Cruisebåtar inne. Her spiste vi kjeks og drakk masse - det var nesten vindstille og varmt og godt!
Til tross for sutring og lite søvn steig humøret så pass på lillesøster at vi bestemte at vi skulle gjennomføre den lange turen som vi hadde planlagt. No gjekk turen til Rundemanen (568 moh), det siste av Bergen sine "7 fjell" som storebror ikkje har vore på sidan han var baby i vogn. Han snakka om Rundemanen i fjor, men vi kom oss ikkje opp dit. Fjellet ligger litt "bak" de andre - Sandviksfjellet og Fløyen. Det er laga veg heilt opp frå Fløyen, men ungane blir fort utolmodige på veg, så vi ville gå sti. Stien vi gjekk mellom Sandviksfjellet og Rundemanen var så flott! Variert og spanande natur - begge ungane flaug av gårde! Etter kvart gjekk eg og storebror ifrå de to andre og lillesøster fikk sitte litt på skuldrane til mannen.
Mot venstre i biletet ser vi Ulriken med stang på toppen. Der var vi dagen før. Byen er ned mot høgre.
Og opp kom vi! Rundemanen!! Her satt vi og steikte i sola ved ei av hyttene som er der oppe. Det smakte sjeldant godt med nistemat og kvikk lunch, kaffe og kjeks!
Vegen ned frå Rundemanen og til Fløyfjellet (399 moh) er brei og fin - altså møkk kjedelig å gå! Og som alltid mykje lengre enn ein trur. Her gjekk begge ungane igjennom de fleste kjensler, men etter at vi fikk kledd av de litt sprang de av gårde for å komme fram til Trollskogen som ligger like bak Fløyen. På Fløyen hadde de fått nye leikestativer på leikeplassen sidan vi var der sist, og det var heilt tyleg at det var masse energi igjen i de små beina!
Utsikta frå Fløyen er flott som alltid. Vi tok Fløybanen ned i byn og kjøpte oss mat som vi åt i sola.
Fløybanen på veg opp for å hente oss og maaaaaange andre!
Medan mann og barn satt og tok livet med ro gjekk eg raskt ut til Mulen igjen og henta bilen (steikeovnen!) før eg plukka de opp i byn. Vi var heime 6 timar etter at vi reiste om morgonen - ein lang og god tur for ein på seks, ei på treogeithalvt, ein på trettitre og ei på trettitoennsålenge. Vi er kjempestolte over ungane våre etter den turen! Og heile veka har lillesøster spurt "Nåj skal vi på fjellet igjen?" Gode minner! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...