torsdag 10. april 2014

6-årskrise

De siste vekene har vi hatt nokre opplevelser med storebror der han har oppført seg annleis enn vanleg. I dag tidleg vart det ein ny historie i kategorien "kva er det som skjer med storebror?" da eg leverte i barnehagen. Utan å gå inn i detaljar kan eg seie at det var hyling og skriking og klenging - og ingen spor av den fornuftige og glade storebroren eg vanlegvis leverer. Eg snakka med ein av de ansatte på vegen ut der eg raskt uttrykte min misnøye med storebror sitt val av reaksjon på noko eg ser på som vanlege, daglegdagse svinger i vegen. Ho smilte og sa "de andre foreldrene seier det samme om sine 6-åringer. Han er er 6-årsungdom. Det er nesten så du ikkje kjenner han igjen innimellom? Det er heilt vanleg. Det går over."

Da eg kom på jobb googla eg "utvikling 6 år" og leser om 6-årskrisa. Eg vart litt klokare - kanskje dette har med overgangen til skule å gjøre? Han veit han skal begynne, og gleder seg; men samtidig er det tøft å vite at barnehagetida er over - og nye venner og ein ny kvardag står på trappene. Han liker seg best heime for tida; og det kan rett og slett ha ein samanheng med forandringa som er på veg?

Heldigvis hadde vi foreldresamtale i barnehagen på slutten av dagen i dag; og fikk bekrefta at han er ein moden og flott 6-åring. Så får vi prøve å støtte han igjennom de store forandringane han står i.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...