onsdag 9. april 2014

Medisinsk mirakel?

Så da trappa eg opp hos fastlegen min i går med ikkje mindre enn tre typar pollenmedisin som eg ikkje liker. Heile dagen hadde eg hatt tre boksar med allergimedisin i veska, og følt meg som ein langar av eit eller anna slag. Lurer på om legen vart litt oppgitt, men han lo litt, skreiv mykje på maskina si, og gav meg ein ny resept. Eg henta den nye typen, las om bivirkningane (kvalme. grøss. hodepine. grøss. munntørrhet. grøss.) og heiv i meg ein liten, kvit pille på kvelden.

I dag vokna eg (eller vart vekt av lillesøster som spurte om ho kunne få kjeks. Kl.06:28) og var tørr som sandpapir i munnen. AHA! Munntørrhet - skjekk! Men eg vart fort heilt open i nasegrevet, ingen kløe, ikkje kvalm og ingen hodepine. Munntørrheten kom nok av at eg hadde sove som ein stein med open munn, eg ser ikkje vekk frå at eg kan bruke denne medisinen utan å få nokon bivirkninger, og i tillegg vere ute og kose meg - til tross for pollen i lufta. No har eg skrive den ned, så no er det sant. "Eg har lese det. Svart på kvitt." Og det betyr at det er sant. Våren - bring it on!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...