lørdag 5. april 2014

Spidermankake

Storebror var innom fleire alternativer til 6-årskake, men valget falt på blå spidermankake. Eg kunne få velgje kva som var "inni" kaka, så det vart sjokoladekake bakt i liten langform. Biletet av spiderman skreiv eg ut frå nettet og blåste det opp i A3 størrelse. Eg klipte rundt formen og ut augene slik at eg hadde tre former til kake og auger. Først ville vi ha berre andletet, men sidan vi bakte i liten langpanne vart det plass til hals og litt skuldre også.
Mannen, som er av den tålmodige typen, farga marsipan blå og skjelva ut tynt slik at det passa til kaka. Eg brukte litt av avskjæret til å forme eit andlet med opphøgingar til mellom anna nase. Augene skar vi ut etter formen i marsipan utan farge. Spindelvevet er svart fondant som vi trilla til tynne trådar og festa meir eller mindre slik de var på biletet som eg hadde printa ut. Fondanten hang godt i marsipanen, vi trengte kun å feste den med litt vatn på skulderpartiet.

Gjestane stod tett rundt kaka da eg ropte at det var tid for kake og dessert - og det var mykje "Oj", "Det er den kulaste kaka eg har sett i heile mitt liv", og ikkje minst "nam" frå seksåringane! :) Storebror var også sjølvsagt veldig fornøyd - og eg og mannen er ganske så fornøyde vi også :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...