fredag 11. april 2014

Fire minus to

Utan samanlikning med dagens planer forøvrig - Vennebyengassballong som lillesøster kom heim med etter å ha vore på Vennebyenshow saman med ei venninne. Den første gassballongen vi har hatt i hus. Dessverre forsvant den i det blå på bursdagen til storebror etter at gjestane tok den med ut. Gjestane fikk klar beskjed og tydleg tilbakemelding om kva eg synas om det - men lillesøster har ikkje snakka om den etterpå, så eg trur ikkje ho har fått med seg at den er vekke.
Anyways - i dag er storebror med ein kamerat heim frå barnehagen. Mannen jobber overtid; så eg skal hente lillesøster i barnehagen også skal det berre vere oss to på ettermiddagen. Laks og steikte poteter til middag, vannmelon til dessert og rolege tider. Mannen kjem heim akkurat i tide til at eg skal ut på "vift". Ei venninne skal ha ein artperformance i kveld som eg er veldig spent på. Men det blir nok rett heim etterpå. Fredag betyr ikkje anna enn tidleg i seng for min del.

*hepp

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...