lørdag 31. mai 2014

Soccer mom

Frå wikipedia: The phrase soccer mom broadly refers to a North American middle-class suburban woman who spends a significant amount of her time transporting her school-age children to their youth sporting events or other activities

Med eit år som au pair på CV'en min har eg levd som soccer mom i eitt år, og ikkje minst hatt gleden av å sjå fleire av de. Det er mannen som har storebror sin fotballtrening og cuppar som ansvars- og interesseområde. Men samtidig er alt storebror bedriver tida si med mitt ansvars - og interesseområde, så eg følgjer opp der eg kan når eg kan.


Eg trivast ikkje heilt saman med de andre fotballmammaene. Altså; det er jo forskjell på de - slik det er på alle - men de mest hardhausa (med andre ord: de som har eldre unger som også spelar fotball og derfor har stått på sidelinja av ei fotballbane de siste 6 åra medan eg har vore opptatt med andre ting) finner eg rett og slett ikkje på noko å seie til.

"Ehh, er du alltid slik?"




På fotballcup sist søndag trakka eg i alle fall skikkelig i salaten. Storebror sitt miniputtlag spelte mot eit anna lag der spelarane var litt ubestemmlege i alder. Ikkje var de spesielt flinke å spele heller. Derfor spurte eg ei mamma frå det andre laget

"Er barna dokkes også 08?"

Smilet hennes stivna,

"Nei. 2 0 0 9."

Oooo, ok. Beklager. Kremt, de oppfører seg litt barnslig da -----

Lillesøster liker også å vere med - vi har med Hello Kitty-ballen hennes, også er ho opptatt med den i 3 x 30 min. 

Læringskurven er bratt. Neste gong skal eg stå kun saman med mammaene og pappaene frå storebror sitt lag. Der har de fleste ein del humor, da går det meste greit.


Til å vere idrett er desse fotballfolka lite interessert i kosthold. Pølser, brus og is er ikkje ok for barn som trener! Vi pakker med oss eigen mat og drikke. Eg merka at eg vart kjempeglad når storebror sitt lag scora mål. Men det er nok andre fritidsinteresser eg kjem til å føle meg meir heime i. MEN, så er jo det irrelevant også da. Storebror føler seg heilt fint heime i fotball - i den grad han får med seg noko utover ball, kamerater, pokal og fotballsko! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...