onsdag 2. juli 2014

Lillesøster sin 4-årsfest

Vi køyrte standard opplegg på lillesøster sin barnebursdag. Opplegget viste seg å ikkje fungere optimalt da storebror hadde 6-årsdag i mars, så der må vi gjøre nokon justeringar til neste år. Men for ein god gjeng 3/4-åringar fungerar det bra!

Det heile varer i to timer, og postane er som følger; mat, pakkeleik, kaker også snopepose. Tar det to timar da? Åjada. Innimellom er det leik medan den neste posten blir klargjort.

Snopeposane var sjølvsagt med prinsesse på. Det var 5 gutar på festen; de fikk samme pose som jentene - men de fikk Lynet-viskelær medan jentene fikk Minnie eller blomst. Eg liker å ha ein "skikkelig" ting i posane. I tillegg kom ulike snop, og ei tatovering. Under her er 13 posar klare til å bli fiska opp!
Lillesøster valgte pizzaboller til mat. Det fikk vi i Florø helga før, og det falt virkelig i smak! Vi laga dobbel, grov pizzadeigbotn og hadde halvparten med kjøttdeig og halvparten med pølse. Nokon av ungane åt masse, nokon åt ingenting (med da laga eg skive med leverpostei til de).
Gåveleiken var flasketuten peiker på. Den fungerer fin-fint; men sidan det var så mange gjestar tok det lang tid! Etter pakke nummer 8 satt lillesøster og gnei seg i augene - dette var slitsomt! Ho slutta å ville gje takk-klemmer, og vart meir opptatt av å bli ferdig enn å sjå på det ho fikk. Det var heilt i orden, lille ungen! Men eg er heilt overvelda over alt det fine ho fikk!
Da eg spurte lillesøster kva kake ho ville ha svarte ho blåbærkake. Denne fann eg på denne sida. Den var skikkelig god! I stadenfor blåbær brukte eg ripsbær i sjølve kaka, og blåbær på toppen. Eg trur ingen av ungane likte kaka så godt, men de voksne elska den - så eg har sendt link til oppskrift til fleire. Vi hadde også Bien Maya-minimuffins, raud gele, kanelbollar og ikkje minst popcorn i heimelaga popcornboksar som vart superpopulært! Det fine prinsesselyset på kaka kjøpte vi på Mallorca. Det har vi tatt vare på slik at vi kan bruke det igjen når ho faktisk blir 4 år :)

Og slik er det ofte. Våre to unger sitter lenge ved bordet medan de andre gjestane er ferdige og har gått for å leike. Storebror sitter heilt innerst til venstre - og de åt, drakk brus og var heilt i ro. Godt med ein pause :)

Fiskinga etter snopepose er alltid kjekk! Mannen stod nede og tok imot, og sendte innimellom opp sokkar eller anna søppel til ungane sin store fornøyelse! Men alle fikk snopepose på de resirkulerte krabbefiskestengene våre. Tipp topp! Og vips så var to timar forbi!

Det er så kjekt med besøk i heile huset! Og denne gongen var det kjekt også etterpå - sidan det var så bra vær var alle ute i hagen heile tida, og det var ingenting å rydde inne på barnerommene etter de. Våre to var heilt utslitte, og vart sittande resten av dagen å høyre på lydbøker eller teikne. Hehe, det tar på å vere vert ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...