søndag 13. juli 2014

Mallorcakongle


Det er sikkert og i alle fall kanskje ulovleg - men vi importerte ein kongle heim frå Mallorca. Faktisk to. Den eine hadde vi latt oss fasinere av der den hang på trær langs vegen. Den såg ut som ein bæsj, bæsjekongle altså; den måtte vi ha med heim!

Vel heime lot eg den ligge i vindaugskarmen i sola, og etter nokre dagar opna bæsjeklumpen seg litt, og ut trilla nokre frø. Eg løfta på den - og da rant det ut med frø - veldig mange frø!



I mangel av kunnskap om importerte frø frå andre stader har eg kasta de, og håper at det er for kaldt i Noreg til at de slår rot nokon stad og tar over naturen her. (Dessutan trur eg de brenner bosset her i Bergen, og det klarer vel ikkje frøene å overleve!) Konglen har vi framleis, men no ser den ikkje lenger ut som bæsj.

Den andre konglen datt ned på meg da eg satt på ein leikeplass. Hardt og litt vondt faktisk. Så den tok eg med heim berre fordi. Den har ikkje opna seg enda. Lurer på kva og kor mykje som kjem ut av den.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...