fredag 4. juli 2014

Mine første fakta

Vi har de siste kanskje to åra samla på serien Mine første fakta som Goboken Sandviks gjer ut. Her følgjer vi fire dyr som gjennom Ønskeboksen reiser rundt i heile verda (og verdensrommet) og opplever ulike ting. Kvar bok har eit tema, som til dømes Skarpe Sanser, Ville Dyr, Verdensrommet, Energi, Kunstverk osv. Vi får ei bok, ein CD med historien på, og kort til spelet som vi fikk saman med den første boka.

Storebror elsker denne serien! Han har lært kjempemasse, og no har også lillesøster begynt å høyre på lydbøkene. Kvar dag (eg overdriver ikkje!) sitter de i stua etter middag og høyrer på lydbok. Lillesøster er veldig glad i den om vikingtida som vi nett har fått. Av storebror sine store favorittar finner vi Steingamle Dinosaurer, Romertida og Kroppen.

No har vi faktisk snart fått alle 20 som er i serien. Det er ikkje gratis, men sidan ungane er så glade i de, og lærer masse, er det verdt det på alle måtar! Og sidan bøkene kjem med gode lydbøker leser ikkje vi desse bøkene til de; slik at de også får høyre andre historier - og med andre karakterer.

I dag reiser vi på sommarferie del ein, og med oss i bilen har vi eit nøye utvalgt knippe av desse lydbøkene, samt andre lydbøker som vi har lånt på biblioteket. Bok på øyret gjør turen litt mindre lang :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...