lørdag 9. august 2014

Mi sommarleseliste

Dette har vore ein skikkelig lesesommar! Det har vore varmt og godt og vi har vore masse på stranda. Når ungane sitter i strandkanten og graver i sanden kan vi lese. Når ungane ser film midt på dagen fordi det er 33 varmegrader ute kan vi lese. Når ungane er i seng kl.20:30 og vi er på hytte utan TV kan vi lese.

Eg kom meg igjennom 7 bøker i sommar!Og på fire veker er det knallbra! Alle bøkene har vore gode, så flaks flaks flaks!
Den eg begynte på helga på Juvasshytta er Katherine Webb sin "En sang fra fortiden". Den la eg igjen på hytta til mamma og pappa der eg las den ut. Gode bøker havner vanlegvis i bokhylla hos meg, men det er eigentlig dumt. Gode bøker bør delast! Denne fikk altså mamma lest da ho begynte på ferie, og ho var like imponert som meg. God, god og overraskande bok!
Ver så god og takk for lånet av hytte!
 På hytta på Utviksfjellet satt vi i kveldssola og las kvar kveld. Vin og/eller øl i glasset. Gode, rolege sommarkveldar!
 Mamma hadde lagt igjen gåver til alle i hytta til vi kom. Eg fikk Karin Brunk Holmqvist si bok "Potensgiverne" som var ei morsom og varm bok. Den las eg ut på ein dag oppe på hytta; lett sommarunderholdning som har fått plass i bokhylla mi her i Bergen.
Sidan eg gjekk tom for bøker på Utviksfjellet fann eg denne klassikaren i bokhylla på hytta. Ernest Hemingway sin roman frå 1951 "Den gamle mannen og havet". Eg har ikkje lest Hamingway tidlegare, men slukte denne boka rått og skal utan tvil lese meir av denne mannen! Også dette verket vart lest på ein dag, men da skulle vi reise heim igjen dagen etterpå; så det var ok.

På hytte i Flekkefjord og på hotell i Kristiansand las eg norskamerikanaren Leif Enga si bok "Ned til elva". Dette var kanskje den boka eg likte minst av de sju eg las i sommar. Om ein likar amerikansk landsbygd, countrymusikk og western er denne boka midt i blinken! Eg har lite kunnskap og interesse, så det var fleire ting eg rett og slett ikkje skjønte. Boka gjekk rett inn på New York Times sin bestsellerliste, så det er mange som liker den. Berre ikkje meg. Men slutten var perfekt! - og gjorde at boka var verdt lesinga likevel.
I Jørpeland las eg nok ei bok på ein dag. Maggie O`Farrell sin tynne, men sterke bok "Hva skjedde med Esme Lennox" klarte eg rett og slett ikkje å leggje frå meg. Løp og kjøp! Eller lån på biblioteket! "Ned til elva" er alt levert til Fretex,  "Hva skjedde med Esme Lennox" har fått plass i bokhylla.
Sidan eg no igjen var tom for bøker, og ikkje hadde ei bokhylle eg kunne forsyne meg frå, kjøpte mannen "Inferno" av Dan Brown til meg. Den har vore på ønskelista ei stund, så det var veldig kjekt! For alle som har lest Dan Brown veit ein at det er korte kapittler og full handling frå side ein. Også denne gongen! Så de 480 sidene vart slukt på tre dagar. Av og til vart det nesten ein parodi på sin eigen genre, men absolutt ei leseverdig bok. Og faktisk ei bok til ettertanke. No er mannen min i full gang med den samme boka. Han har lest Jo Nesbø i heile sommar og var klar for noko litt annleis. :) Eg gler meg til å diskutere boka med han når han har lest den ut!
Desse er no hhv på nattbordet til mannen, på Fretex og i bokhylla.

Da vi kom heim måndags kveld hadde vi nesten ei heil veke igjen med ferie. Det blir ikkje like mykje lesing heime, men eg las faktisk ut ei siste bok på tampen av ferien, Anne B. Ragde sin "Jeg skal gjøre deg så lykkelig". Her nytt med litt espresso i bunnen av ein av de nye yndlingskoppane mine som eg kjøpte etter at vi hadde gått opp og ned frå Preikestolen i sommar. Denne boka var veldig interessant, godt fortalt (som alltid med Ragde), og fikk meg til å bite litt etter mannen; "Ikkje søren som eg skal hente eit glass vatn til deg. DET FÅR DU FAKTISK GJØRE SJØLV! Eg jobbar 100% eg også altså!" Ein kan bli litt usmakleg med andre ord, men det går over ;)

Eg er alt godt i gang med ny bok - ei god også denne gongen. Stay tuned!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...