onsdag 27. august 2014

Morgonrot og morgongull

I dag var det ei av de morgonane der mykje gjekk galt. Grunnen til det var nok at eg trudde på eit tidleg tidspunkt at dette var ein av de andre morgonane - ein av de der alt går bra! Da er fallhøgda stor!

"nei, eg vil ikkje kle på meg" "nei, eg vil ikkje ha bukse i dag" "eg vil ha bukse, men så skal eg ha kjole" "eg vil ikkje ha prikkete kjole" "eg vil ha kvit genser" "eg vil ha ein kortarma kjole" "eg vil ha den gule kjolen" "neivel, da vil eg ha den grønne" "au, den var vond å ta på" "eg vil ikkje ha noko i håret mitt" "eg vil ha fletter i håret mitt" "tre fletter" "eg vil ikkje ha sånn flette som henger fast" "også vil eg ha ei flette i luggen"

- og da var det på tide å vekke storebror.

"eg vil ikkje stå opp når lillesøster alt er voken" "det er så kaldt på rommet mitt at eg ikkje kan gå utav dyna" "eg når ikkje buksa mi" "eg må kle på meg under dyna" "ikkje mas på meg, det tok faktisk så lang tid å kle på seg buksa" "det er vanskelig å kle på seg under dyna" "eg vil ikkje gå på do" "eg vil ikkje skrive navnet mitt på t-skjorta eg skal ha med på skulen i dag" "nei du skal ikkje gjøre det du heller" "eg skriver navnet mitt her" "ÅNEI" "eg hadde gløymt at eg alt hadde skrive den bokstaven" "ikkje hjelp meg med sekken" "eg vil pakke sekken min sjølv" "kva betyr det at vi er seine?" "når bruker vi vanligvis å gå ut døra?" "åneeeeeei - det er tåkeeeee"

Normalt sett har vi morgonar i området mellom "galt" og "stille sjø". Normalt sett går de på do, kler på seg det som ligger framme, pakker sekken også er vi ut døra. Alt tar tid - men det blir gjort. I dag var det sirup og protestar.

Men så kom det som redda heile morgonen. Da lillesøster var levert slo eg på popanlegget i bilen, og da var det Folk og røvere i Kardemommeby som stod på. Vi rakk å høyre at røvarane planla å røve tante Sofie før vi var framme ved skulen. Eg slår av motoren.

Storebror: "De burde jo ha tenkt seg om. Røve tante Sofie. De viste jo at ho var sur. De burde heller røve fru Bastian! Ho liker jo å stelle og styre og holde alt i stand. Men da hadde vel politimester Bastian dukka opp og arrestert de i lovens navn. De burde kanskje heller røve ein mann. For eksempel gamle Tobias. Så kunne han ha gått inn i byen på jobb kvar dag, også kunne han handle mat på veg tilbake til røvarhuset. Røvarane kunne vere heime heile dagen og rote. Også kunne Tobias ha komt heim etter jobb, med mat som han har kjøpt for lønna si - også kunne han ha rydda der heile kvelden. Og da hadde jo ikkje Bastian måtte komme å arrestere nokon sidan Tobias budde der. At de var venner."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...