torsdag 21. august 2014

Nye rekordar

No dei siste vekene fram mot 6.september - D-day - halvmaratondagen - er treningsappen min frå seg av ekstase! Kvar veke får eg nye rekordar, lengst varighet tid og lengde, raskaste tempo per km, mest kaloriar ut og vekk, flest treningstimar på ein månad, flest tilbakelagte km på ein månad, - you name it! Den vil ha meg til å kjøpe fullversjonen, eliteversjonen seier den, og ber meg poste alt på facebook.
Når eg gradevis frå veke til veke har eit tøffare treningsopplegg med lengre og lengre turar - samtidig som eg blir i betre form og løper raskare på intervalltreninga - blir det sjølvsagt slik. No er det berre oppoverbakke og innhåving av fleire såkalla "rekordar" før september kjem og eg rett og slett ikkje har ork eller lyst til å slå det som kjem til å framstå som treningsmånaden over alle - august 2014. Plutselig henger rekordane høgare.

Det er mengder av god sjølvkjensle i å jogge 15 km på halvanna time slik eg gjorde mellom kl.18:30 og 20:00 i går. Det er kjempelangt, og det er lenge å berre gjøre ein ting. Men det var ein fin joggetur med god/dårleg musikk på øyrene, perfekte 15 varmegrader og ei god rytme. Det er deilig, men det ligger mykje trening bak. I går hadde eg fint klart å leggje på 6 km for å få ein halvmaratonlengde, men treningsopplegget mitt legger ikkje opp til å gjennomføre distansen før dagen er der. Det er noko i det å kjenne at ein har meir å gå på når treningsøkta er over.

Neste veke er også full av treningsplanar før eg veka løpet er skal ned til langt under halvparten av mengden eg har jogga de siste vekene. Tenk! No er datoen snart her!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...