onsdag 20. august 2014

Overgang

I går hadde storebror sin første heile skuledag med SFO både foran og etter. Han hadde hatt ein kjempefin dag, og fortalte om kjekke ting de hadde gjort i klassen! Men så sliten som han var! Han klarte nok ikkje å identifisere kjensla sjølv, men eg kjenner lusa på gangen! Det aller meste som vart sagt av mor og far vart møtt med høge hyl og protestar.

Lillesøster var også utslitt i går, men ho merkar det og seier det - igjen og igjen - og smågrein heile ettermiddagen. Etter middag (som nesten ingen åt noko av. Det går tydlegvis ikkje ann å spise og vere sur samtidig) gjekk storebror i stua for å høyre på lydbok og lese, før han gjekk ned på rommet sitt, lukka døra og høyrte på musikk til det var dusjetid. Eit behov for å vere aleine - heilt tydleg! Det passa bra, for da fikk eg konsentrert meg om å holde lillesøster voken og mindre grinete.
Storebror på utforsking i sommar.
Etter ei lang og god natt vokna vi i dag og var heilt klare for ny dag! Lillesøster var i strålande humør (thank God!) og var to skritt foran storebror heile vegen. Derfor gjekk eg ut i gangen før storebror hadde pakka nisteboksen i sekken. Niste i sekk er rutine - dette har vi gjort i fem år! Men nei....
Brua "Knuden" frå 1922.
Etter at eg var komt på jobb, og satt med nyopna mail og varm kaffe kom det sms frå læraren. Storebror har ikkje matpakke! I den matpakka ligger både frukost og to lunchar - i tillegg til frukt og grønsker. Vannflaska var med - den hadde eg putta oppi sekken. Så da var det berre å hive seg i bilen, køyre heim, til skulen også tilbake på jobb. Og vi som ALDRI har gløymt matpakke tidlegare!

- det er ikkje berre vi som er urutinerte ved nytt barnehage - og skuleår. Læraren sendte sms'en til alle foreldra i heile klassen. Hahaha, snakk om uflaks! Men går ein på tryne kan jo like gjerne alle få vite om det. Så kan vi alle senke skuldrane, le litt, og varme opp kaffien.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...