onsdag 3. september 2014

Skulekvardag

De må tru storebror likar seg på skulen! Og det skjønnar eg godt! De gjør så mykje gøy! Eg er så imponert over oppgåvene de får iløpet av skuledagen - og alt de har gjort og lært - kun to og ei halv veke etter skulestart!
Kvar vart den lille karen på 48 cm av?
Ein dag i veka har de uteskule. Og denne veka var oppgåva følgande: finn ting i skogen som begynner på lyden "s". Når de var levert til læraren skulle de telje kor mange de hadde funnet - på engelsk (ja, for det har de lært altså!). Neste oppgåve var å samle 10 andre ting i skogen. Tilbake hos læraren skulle de så leggje desse i ulike kategoriar der de passa saman - basert på størrelse, farge, bokstavlydar eller noko anna.

Eg gir meg over! Ein skuletime i skogen, og de har vore innom norskopplæring, engelsk og matte! Full uttelling!
6 år og 5 mnd etterpå - ikkje lenger så liten.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...